Borgarleg vigsel

Frå 1. januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsle brudepar. I Masfjorden kommune er det ordførar Karstein Totland og varaordførar Torill Torsvik Størkersen som har mynde til å vigsle.

Masfjorden kommune har lagt til rette for gjennomføring av seremonien innafor arbeidstid på kommunehuset på Sandnes, men det er òg opna for andre ønskje. Ta kontakt med oss i god tid for å finne ut kva som er mogleg å få til.

For å kunne gifte seg, må Skatteetaten sjå til at brudeparet stettar vikåra for å inngå ekteskap.

Klikk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk. Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk. Prøvingsattesten skal sendast Masfjorden kommune.

De kan bestille tid for vigsel på følgjande elektroniske skjema.

For eventuell hjelp med dette kan de vende dykk til kommunen på epost post@masfjorden.kommune.no eller telefon 5616 6200.

Kommunale vigsler i Masfjorden kommune er gratis.

Du kan no bli vigd av ordføraren eller varaordføraren

Gjennomføring av kommunale vigsler i Masfjorden kommune etter endring i ekteskapslova gjeldande frå 1.1.2018

I kommunestyremøte den 11.12.2017 vart det gjort slikt vedtak om kommunale vigsler:

Masfjorden kommunestyre vedtek at vigselmynde gjeld for dei som er lovheimla, ordførar og varaordførar.

  • Kommunestyresalen/kommunehuset er eit eigna lokale som vert godkjent for borgarlege vigslar
  • Vigslaren får mynde til å avtale alternative stader og tider for gjennomføring av vigslar.
  • Kommunen sitt vigselstilbod er gratis for kommunen sine innbyggarar og for personar som ikkje er busett i Norge, når det skjer på kommunehuset og innafor normalarbeidstid.
  • Dersom vigsla skjer på alternative stadar og/eller tider kan kommunen krevje å få dekka meirkostnader ved dette,  etter nærare avtale.
  • Administrasjonen får mandat til å utarbeide rutinar knytt til vigselstilbodet.

Bakgrunnen for saka er at stortinget har vedteke lovendringar i ekteskapslova som ein del av oppgåveoverføringa til kommunane, jf. lov om endringar i ekteskapslova. Lovendringa betyr at vigselsmynde vert overført frå notarius publicus til ordførar, varaordførar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret sjølv gjev slik mynde. Ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar vert med det overført frå tingrettane og Oslo byfogdembete til kommunane. Lovendringa tok til å gjelde frå 1. januar 2018. Reglane om ekteskapsinngåing går fram av ekteskapslova kapittel 3.

Eksterne lenker:

 


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 01.11.2018