NAV Fensfjorden

Kontaktinformasjon NAV Fensfjorden

Postadresse: NAV Fensfjorden, Fensfjordvegen 615, 5986 Hosteland
Besøksadresse: NAV Fensfjorden, Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 3. etasje, 5986 Hosteland

Dersom du vil ha ein samtale med saksbehandlar i NAV, kan dette skje etter avtale. Du kan laga slik avtale gjennom Ditt NAV, eller per telefon 55 55 33 33.

Opningstider ved NAV Fensfjorden:
Hosteland: kl. 10 - 12 tysdag og torsdag, Adresse: Fensfjordbygg - Fensfjordvegen 615, 3. etasje, 5986 Hosteland

Økonomisk sosialhjelp
  • Kjem du opp i ein situasjon der du treng økonomisk hjelp, kan du ha rett på ytingar frå det offentlege.
  • På nav.no finn du informasjon om økonomisk sosialhjelp.
    Her finn du: søknadskjema for økonomisk sosialhjelp (www.nav.no)
  • Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønsker å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp kan du framleis bruke papirsøknad (pdf)
    Dokumentasjon på familien sine inntekter og utgifter må leggjast ved søknaden. Dette kan ein ta utskrift av via ei publikumsdatamaskin som står på Servicekontoret. For rettleiing ta kontakt med NAV Fensfjorden.
  • Søknadskjema for sosialstønad, med vedlegg, kan leverast på Servicekontoret eller sendast til NAV Fensfjorden.

Vakttelefon økonomisk sosialhjelp er open alle vekedagar frå kl. 0900 - 1430. Nummeret er 41397364

Spør oss gjerne om de lurer på noko.

Gjeldsrådgjeving

NAV Fensfjorden tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.

Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no .

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytta til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving(www.nav.no)

Søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving (pdf)

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.

For å ha rett til kvalifiseringsprogram, må NAV vurdere behova dine og om programmet vil føre til at du lettare kan kome i arbeid.

Du må

  • vere i yrkesaktiv alder og ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
  • ha behov for tett oppfylging
  • ha ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV
  • ha gjennomgått ei arbeidsevnevurdering
  • ha lovleg opphald og fast bustad i Noreg

For meir informasjon kan du lese om kvalifiseringsprogrammet(www.nav.no), eller ta kontakt med NAV Fensfjorden på telefon 55 55 33 33.

Du finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon på heimesida til NAV(www.nav.no). Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema, CV og intervju. 

Søknadsskjema finn du også her. 

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du på
heimesida til nav(www.nav.no)


Sist oppdatert: 24.08.2022
Publisert: 20.04.2018