Vaksinering av eldre.

Vaksinering. (C) Rhoda Baer

Influensavaksine for sesongen 2017/2018

Nedunder kjem eit oversyn over tid og stad for influensavaksinering i Masfjorden. I år inneheld vaksinen beskyttelse både mot svineinfluensa og sesonginfluensa.

Folkehelsa har sett opp fylgjande risikogrupper for årets influensavaksinering :
* Personar som er 65 år eller eldre.
* Vaksne og born med alvorlege luftvegssjukdomar.
* Vaksne og born med alvorleg og kronisk hjarte- / karsjukdom.
* Vaksne og born med sukkersjuke ( både type 1 og 2 ).
* Bebuarar på alders- og sjukeheim, og i omsorgsbustader.
* Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon.
* Vaksne med kronisk leversvikt.
* Vaksne og born med kronisk nevrologisk sjukdom eller skade.
* Vaksne og born med svært alvorleg fedme ( BMI>40 ).
* Svinerøktarar og andre som har kontakt med levande grisar.
* Helsepersonell som har pasientkontakt er også anbefalt å ta vaksinen.
* Hustandskontaktar til immunsupprimerte personer.
 
Influensavaksinen kostar som før 125 kr.
 
Om lungebetennelsevaksine :
Anbefalingane er stort sett dei same som for influensavaksine. 
Me tilbyd begge vaksinane same dagen. 
Har du fått lungebetennelsesvaksine før, treng du ikkje påfyll før etter ca 10 år. 
Lungebetennelsesvaksinen kostar no 300 kr.
 
Tid og stad for vaksinering :
*  Masfjorden sjukeheim Onsdag 25.10.17  kl 13-16
*  Hosteland( Masfjorden legekontor) Tirsdag 31.10.17 kl 8-11.30
*  Sandnes (heimesjukepleiekontoret) Onsdag 01.11.17 kl 12-15.30
*  Matre(BKK-kinosalen) Måndag 06.11.17 kl 10-13.30
Web levert av CustomPublish