Hovudopptak i barnehagane og SFO 2017-18

NB! Søknadsfristen for 2017-18 er i dag 1. mars 2017.

Det er igjen tid for å søkja om plass i barnehage og SFO.

Søknaden må leverast elektronisk. Søknadsskjemaene finn du på www.masfjorden.kommune.no under Sjølvbetjening/Skjema/Skule og barnehage.

I Masfjorden har me tre kommunale barnehagar; Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage. Desse gjev tilbod om barnehageplass 5 dagar i veka.

Dei som ikkje har tilgang til internett kan fylle ut skjemaet på eit av biblioteka eller kommunehuset i opningstida, og få hjelp til å fylla ut skjemaet ved å venda seg til ein av barnehagane eller tenestetorget i kommunen.

Vedlegg til søknaden må sendast til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes. Fristen for å senda inn vedlegg er den same som for å senda søknad om barnehageplass.

Barnehagane har dette tilbodet: 5-dagarstilbod til kr 2455 pr. mnd.

Barnehagane har desse kontaktadressene dersom du har spørsmål:

Indre Masfjorden barnehage, Matre 9, 5984 Matredal
Styrar: Maja Aven Dahle, tlf. 56 16 61 30 - E-post

Nordbygda barnehage, Fensfjordvegen 488, 5986 Hosteland
Styrar: Inger Marie Duesund, tlf. 56 16 64 30 - E-post

Sandnes barnehage, Sandnesstykket 1, 5981 Masfjordnes
Styrar: Åshild Skuggedal, tlf. 56 16 61 00 - E-post

Du kan også lesa meir om kvar barnehage ved å følgja denne lenka.

Kva tilbod SFO har, vil du finna på søknadsskjemaet.

Har du spørsmål om SFO, tek du kontakt med den skulen der barnet ditt går.

I søknaden fører du opp den barnehagen du søkjer plass i, eller den skulen du søker SFO-plass på.

Søknadsfrist: 01.03.17

Me ynskjer dykk velkomne som søkjarar til barnehagane og SFO i Masfjorden kommune.

 

 

Tekst: Alf Magnar Strand, oppvekstleiar

 

Web levert av CustomPublish