Gardsmiljø på Nordkvingo

Gardsmiljø på Nordkvingo

Masfjordsoga og båtsamlinga

Masfjorden gards- og ættesoge, og Masfjorden båt- og sjøbrukssamling, som tidlegare var publisert på kommunen si heimeside, er no gjort tilgjengeleg att.

Kommunen har tidlegare publisert ein redigerbar internett-versjon av gards- og ættesoga frå Masfjorden og ei nettutstilling for Masfjorden kommune si båt- og sjøbrukssamling.Dette har vore svært populære nettsider, men er til no ikkje lagt over på same nettsideformat som kommunen si heimeside.

Masfjorden gards- og ættesoge er lagt ut på ei eiga adresse : www.masfjordsoga.no
Likeeins er Masfjorden båt- og sjøbrukssamling lagt ut på si eiga adresse : www.båtsamlinga.no

Som tidlegare vil det vere mogleg å sende inn rettingar og oppdateringar av informasjonen som ligg ute på gards- og ættesoga.

Rettingar, oppdateringar og feil kan meldast til denne e-postadressa. Hugs alltid å opplyse om kva gards- og bruksnummer endringa/oppdateringa gjeld.

Web levert av CustomPublish