Du er her: Start»Tenester»Helse

Helsetenester

Helsetenestene i Masfjorden kommune har som oppgåve å gje alle i kommunen eit godt og lett tilgjengeleg tilbod :

Ein får utført legetenester på dagtid og akutt hjelp på kveld og natt. I tillegg har legane tilsynsverksemd for pleie- og omsorgstenesta og konsultasjonar på helsestasjon for born og ungdom.

Helsesyster ivaretek småbornskontroll, arrangerer småbornstreff, oppfølging av funksjonshemma, skulehelseteneste, miljøretta helsevern m.m. Helsetenesta er elles aktiv med i den psykososiale samarbeidsgruppa som er etablert i kommunen.

Psykiatritenesta sine oppgåver er å delta i behandling og tilrettelegging av tiltak for personar med psykiske lidingar, kriser og vanskelege livssituasjonar, samt delta i førebyggande arbeid blant born og unge, pluss vera rettleiar for anna helsepersonell.
 

 

Web levert av CustomPublish