Har signert avtalen.Frå venstre Remy Mjelstad frå Telenor Norge AS, region Vest, i midten Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør i Telenor Norge AS og ordføraren til høgre.

Har signert avtalen.Frå venstre Remy Mjelstad frå Telenor Norge AS, region Vest, i midten Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør i Telenor Norge AS og ordføraren til høgre.

Har signert avtale om full fiberutbygging

Ordførar Karstein Totland underskrev i dag avtalen med Telenor om fiberutbygging for dei delar av  kommunen som ikkje har fått fiber tidlegare, til saman 21 område.

Det var kalla inn til pressekonferanse i dag 22. juni på tenestetorget i kommunehuset der avtalen om fiberutbygging for heile kommunen vart signert av ordførar Karstein Totland samt Arne Quist Christensen og Remy Mjelstad frå Telenor Norge AS, region Vest. Avtalen blei krydra med fiberutbyggingskake og sjampanje.

Avtalen inneber at det vert fiberutbygging til alle dei 21 delområda i kommunen, noko som vil medføra at så godt som alle husstandar vil få tilbod om fullverdig breiband med fiber i løpet av 2019.

Som fylgje av dette har kommunen fått ein rabatt av Telenor på 1 mill. kr. noko som også fører til at totalkostnaden for kommunen vert mindre.

Både ordføraren og dei to frå Telenor vart tydeleg stolt av denne avtalen. Arne Quist Christensen frå Telenor kunne opplyse at Masfjorden kommune er ein av dei mest offensive kommunane dei har vore borte i når det gjeld fiberutbygging og at det var difor ei stor glede for dei å kunne vere tilstade.

Kommunen har no teke eit viktig steg for å legga til rette for full digital utbygging. Kommunen er også ein av svært få kommunar i landet som får tilnærma 100% dekning med fiber.

Han kunne elles opplyste at dei no skulle vidare til Gulen kommune for å gjere avtale med dei også.

Ordføraren kunne opplyse at med denne avtalen vil det også bli lettare å bygge ut full mobildekning seinare. Det vart eit einstemming kommunestyre som gjekk inn for tilbodet. Kommunen kan no også bli ein god kommune for velferdsteknologi.

Tilbodet frå Telenor vart godkjend i kommunestyremøte den 18. juni der det vart gjort slikt vedtak:
"Masfjorden kommune vedtek å byggja ut fiber til heimar innafor ei kostnadsramme på krone 11.483.739, jf. tilbodet frå Telenor Norge AS gjeve i brev av 17.04.2018. Prosjektet vert finansiert med statleg tilskot og kommunale fondsmidlar, disposisjonsfond drift."

Ein skålfor avtalen. Frå venstre Remy Mjelstad frå Telenor Norge AS, region Vest, Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør i Telenor Norge AS, ordføraren og Sveinung Toft ass. rådmann.

 

Tekst og foto: Frode Vee-Haugen

Web levert av CustomPublish