Graving på Sandnes i samband med fiberutbygging

I samband med fiberutbygginga vert det frå og med måndag den 3. april graving av grøfter for framlegging av fiber på Sandnes.

Området for grøftegraving vert frå ferjekaien til Kvamme.

Her kan du sjå detaljert kart over gravinga (pdf).

Graving av grøfter vert fram til tomtegrensa for dei som har tinga fiber. Om ein ynskjer graving frå tomtegrensa og fram til bustad, kan ein ta kontakt med entreprenør Bøvågen maskin, tlf. nr. 97778039 eller på e-post: kvalheimsneset@live.no

For andre spørsmål om graving eller framlegging av fiber, ta kontakt med Bøvågen maskin.

 

 

Tekst: Roald Kvingedal, teknisk sjef

Web levert av CustomPublish