CD-glede

CD-glede

God sommar, folkens

Så er nok eit kulturskuleår over. Me har mange gode ting å sjå tilbake på.

Skuleåret vart avslutta med tre verkeleg flott elevkonsertar. Konsertane var spekka med flotte innslag og sterke prestasjonar, og det slår meg kva for ei enorm utvikling elevane viser frå gong til gong. Gledeleg! Fleire av elevane stilte dessutan med sjølvlaga materiale. Og så er det kjekt med store og entusiastiske publikum i salane.

Høgdepunktet på konsertane var sjølvsagt cd- sleppet. Publikum vart presentert for smakebitar av alle dei 24 spora på plata, og det var artig å oppleva reaksjonen i salen når elevane høyrde sitt innslag over høgtalaraanlegget. Så vanka det godord til alle involverte. Cd-en finn du i hyllene på butikkane i kommunen. Løp og kjøp!

Teatergruppa runda av skuleåret med turné. Siste fredagen i skuleåret vitja dei alle tre skulane i kommunen med framsyninga DIALOG. Framsyninga består av ei rekkje mindre utdrag frå kjente skodespel og sjølvskrivne tekstar, og alle dialogane vart framført to gongar etter kvarandre, med ulike fokus. Det var interessant å sjå korleis gruppa samarbeidde, korleis dei nådde fram til publikum, og kor lydhøyre publikum var. Eit strålande punktum på teaterskuleåret!  Har du lyst til å vera med i gruppa er det berre å melda seg. Gruppa har plass til fleire. Til hausten står  dramatisering av "Gubben og katten Findus" på programmet. Her blir det mykje humor og "æksjæn".

Takk til alle elevar, lærarar og heimar for alt de me har hatt saman dette skuleåret, og vel møtt igjen neste skuleår. I starten av august vil alle påmelde elevar få tilsendt informasjon om det nye skuleåret.

Her kan du høyra ei nydeleg innspeling som kom akkurat for seint til å bli med på cd-utgjevinga. Lytt til Henriette Søvik (10)  og hennar vakre framføring av den svenske folkevisa "Vårvindar friska".

God sommar-helsing frå kulturskulerektor

 

Tekst og foto: Frank Kvinge

 

 

Web levert av CustomPublish