Fylkesveg 570 (Austfjordvegen) er no opna for trafikk

Fylkesveg 570 sør for Kjekalvågen ved Søre Skoravika som har vore stengd på grunn av steinras er no opna att for trafikk.

Geolog har vore på staden på nytt i dag(mandag) og vegen er no open for trafikk melder vegtrafikksentralen.

Me opplyste på heimesida i går at Statens vegvesen skulle gjera ei ny vurdering mandag kl. 14.00

Vegtrafikksentralen opplyste laurdag at det var digre steinblokker som hadde havna i vegbana.

Du kan oppdatere deg om status for fylkevegen ved å følge denne lenka: vegvesen.no/trafikkinformasjon/reiseinformasjon/trafikkmeldinger

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

Web levert av CustomPublish