Fylkesutvalet vedtok tilskot til breiband for Giljane og Rekneset

Fylkesutvalet har i sitt møte den 30. mars vedteke å løyve kr. 581.000 til breiband for Giljane og Rekneset

Heimesida melde den 24. mars at utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune i sitt møte den 22. mars samrøystes hadde innstilt på å løyve kr. 581.000 til prosjekt Rekneset og Giljane(inkl. Skjelsundet)

No har altså fylkesutvalet samrøystes vedteke denne innstillinga i sitt møte den 30. mars.

Fylkesutvalet vedtok slik fordeling av tilskot til utbygging av infrastruktur for breiband:

Masfjorden Reknes - - 315 000 kr
Masfjorden - Giljane - - 266 000 kr
Samnanger - Rolsvåg Saga - -1 000 000 kr
Vaksdal - - 1.419 000  kr     
Samla - - 3 000 000  kr    

Bakgrunn for saka

Hordaland fylkeskommune har sett av inntil 3 000 000 kr. øyremerkt som tilskot til utbygging av infrastruktur for breiband i område av fylket der det ikkje er kommersielt interessant å bygge ut.

Tilskotsordninga er finansiert med restmidlar frå perioden fram til 2013 då Hordaland fylkeskommune fekk tildelt eigne breibandmidlar over statsbudsjettet.  Ein statusgjennomgang no når dei fleste prosjekta er ferdig utbygd, viser at nokre prosjekt vart billegare enn berekna og nokre prosjekt vart realisert utan at det var behov for tilskot. Desse restmidlane vert no tildelt til nye prosjekt, som ikkje har nådd opp i konkurransen om dei nasjonale tilskotsmidlane til NKOM.

Alle kommunane i Hordaland vart invitert til å søkja om tilskot 11. november 2016. Då søknadsfristen gjekk ut 31. januar 2017 hadde Hordaland fylkeskommune motteke seks søknader frå dei fire kommunane Vaksdal, Masfjorden, Samnanger og Lindås.

Vert innstillinga vedteke vil prosjekt Giljane (som og omfattar bustadane i Skjelsundet) ventleg verta ferdig i løpet av sommaren 2018 og prosjektet Rekneset vil etter inngått avtale med Telenor verta ferdig utbygd innan 15. juli 2018.

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann

 

Web levert av CustomPublish