Bråtebrann med røyk. Foto : Ukjent. Attgitt med løyve,

Bråtebrann med røyk. Foto : Ukjent. Attgitt med løyve,

Forbod mot brenning av avfall på bål

Brenning av avfall på bål er ikkje tillate i Masfjorden kommune. Bakgrunnen for dette er at ein ynskjer å forhindra forureining og helseproblem for innbyggjarane i kommunen som følge av brenning av avfall og andre ting som medfører røyk og lukt.

Brenning av avfall på bål medfører, mellom anna, ufullstendig forbrenning, noko som fører til utvikling av karbonmonoksid (CO). Det vert frigjort forureina partiklar i røyk og oske, noko som ofte medfører helseplager. Spesielt allergiske personer og personer med kronisk hjarte- og/eller lungesjukdom er utsett. Røyk, lukt og sot kan ellers være generelt sjenerande i betydeleg grad. Kompostering er, i mange høve, ein vesentleg betre utnyttelse av ressursen. Kommunen legg også gjennom sine renovasjonsavtaler til rette for levering av slikt avfall.

Forbodet er heimla i Forureiningslova § 9, samt lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesta i kommunane, § 4a - miljørettet helsevern, lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernlova), § 5 og § 6.

Overtredelse av forbodet kan medføre straffeansvar jf. forurensningslova § 78

Unntak frå forbodet

Fyljande brenning kan tillatast utan søknad, under føresetnad av at brenninga vert forsvarleg organisert og gjennomført utan at det er til sjenanse for omgjevnadane:

  1. Open brenning på grillinnretningar, utepeisar.
  2. «Kaffibål» og bål brukt i tradisjonelt friluftsliv.
  3. Jonsokbål, vardebrenning som del av nasjonal markering eller offentlig tilstelning. Det vert lagt til grunn at ein då nyttar reint trevirke, ikke impregnert og overflatebehandla/måla trevirke.
  4. Kvist og rydningsvirke utanfor tettbygde strok.
  5. Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strok om våren og der avstanden mellom bustadane er større enn 100 meter. Avgrensinga på 100 meter gjeld ikkje dersom anna er avtalt med brannvesenet. I slike tilfelle skal dette vera avtalt med brannvesenet på førehand.
  6. Brenning av miljøsanerte bygningar mv. som objekt for brannøving i regi av brannvesenet og/eller sivilforsvaret.

 

Tekst: Brannsjef Sigvald Kvinge

Web levert av CustomPublish