Folkehelse

Folkehelse kan definerast som den samla helsetilstanden i kommunen. Enkelt sagt så vert då folkehelsearbeid innsats for å betre denne tilstanden. Dette kan gjerast på mange ulike måtar både direkte og indirekte. 

Klatreveggklatrar.jpgEit utgangspunkt er å fyrst få oversikt over status dvs korleis helsetilstanden er og korleis ulike faktorar påverkar denne. Dette ser vi ved statistikk over korleis vi nyttar helsetenestene hjå oss og hjå spesialisthelsetenestene. Kva sjukdomar og helsetilstander vert vi innlagt i sjukehus for og korleis er dette samanlikna med andre kommunar ?

Vi kan også hente statistikk over nokre indikatorar som seier noko om potensiale eller risiko for å utvikle redusert helsetilstand. Dette gjeld spesielt kosthald og fysisk aktivitet. Utslag av dette kan vi sjå i overvektsproblematikk som igjen kan påverke frekvens for hjarte og karsjukdomar.

Statistikken er usikker fordi vi er ein liten kommune med få tilfelle i kvar kategori – vi er utsett for tilfeldige svingingar og få personar og tilfelle kan gje store prosentvise variasjonar. Av statistikk som vi har tilgang til ser vi at helsetilstanden i utgangspunktet er romeleg god. I 2013 gjennomførte vi ei undersøking saman med mange kommunar kalla «Ungdata». Denne gjev oss tilbakemelding frå ungdom i 8 og 10 klasse samt vidaregåande på korleis dei trives. Den gjev viktig informasjon om korleis vi som kommune skal legge til rette slik at barn og ungdom kan sikrast god og betre helse på sikt.

At vi har rimeleg god folkehelse betyr likevel ikkje at vi ikkje skal og må satse på tiltak innanfor dette området.

Folkehelsearbeid angår oss alle. Vi vert involvert som foreldre, besteforeldre, kollegaer, sambygdingar. Korleis vi tenkjer og planlegg, korleis vi er med kvarandre, korleis vi motiverar og skapar trivsel, korleis vi kan nytte naturen  - alle, korleis busetnaden i kommunen vert planlagt, sentra, veg og kommunikasjonar, alt dette og meir til verkar inn på helsa vår.

Dei komande åra vil kommunen setje fokus på barn og unge spesielt. Det å få oversikt over og endre ei uheldig utvikling allereie i barnehage eller tidleg skulealder er mykje enklare for barnet sjølv og for kommunen elles, enn å handtere dette når ungdomen fell ut av vidaregåande skule eller får helsevanskar i vaksenalder.

Vårt folkehelsearbeid må då handterast på helsestasjon, i barnehagane, i skulane, på legekontoret, på NAV, ved planlegging i reguleringsplanar og kommuneplan, i delplanar for oppvekst og helse og omsorg  og hjå Masfjorden kommune som arbeidsgjevar gjennom eksempelvis «Krafttak for tilsette».

Folkehelsestatus kan de sjå på www.fhi.no og www.ungdata.no

Web levert av CustomPublish