Følg eit barn til skulen!

TV-aksjonen 2017 er tildelt UNICEF og skal gje utdanning og håp til barn der det er krig. Innsamlinga vert 22. oktober.

UNICEF logoUNICEF jobbar målretta for at barn får sine rettar oppfylt via barnekonvensjonen, ein av disse er utdanning. Som følgje av krigar og konfliktar har 27 millionar barn misst skulegangen og håpet om framtida. Difor har aksjonen fått tittelen «Følg eit barn til skulen!»

I år er det  sokneråda i Masfjorden som har teke på seg oppgåva med innsamling til TV-aksjonen.

Kommunen har opp igjennom åra støtta TV-aksjonen og har i år bidrege med kr 10 000.

Har du lyst og vere bøsseberar kan du ta kontakt med servicetorget på kommunehuset: 56 16 62 00

For mer informasjon gå inn på blimed.no eller kontakt Marthe Jansen: hordaland@tvaksjonen.no, tlf 94111101.

 

Web levert av CustomPublish