Flott syrisk kveld på Sandnes skule

Den syriske kvelden vart ein suksess. Meir enn 100 personar kom for å høyre og sjå bilde frå Syria.

Vaksenopplæringa hadde hjelpt til med å lage ein flott powerpoint-presentasjon med videosnuttar frå dei plassane i Syria der «våre» familiar kjem frå. Kjekt å sjå bilde frå Syria slik det var før krigen.

I tillegg til litt norsk mat, diska alle dei syriske familiane opp med flotte og smakfulle rettar. Norske og syriske kom i prat over matbordet og det var spennande å høyre kva dei ulike rettane var laga av. Dei frammøtte var fulle av lovord både over all den flotte maten og over bilda dei hadde sett. Alt i alt førte kvelden til at fleire vart litt meir kjende på tvers av nasjonar.

Flotte og smakfulle rettar på Syrisk kveld

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Kjellaug Bolset Strand

 

Web levert av CustomPublish