Fjelltrim 2017

Fjon U.I.L. arrangerer på nytt fjelltrim, i år i perioden frå 7. mai til 8. oktober. I fjor var det 77 fjellvandrarar som gjorde seg fortente til premie.

Fjon U.I.L. arrangerer på nytt fjelltrim, i år i perioden frå 7. mai til 8. oktober. Postkassene til dei kortaste turane heng oppe til 1. november. Til saman var det heile 3929 besøk på postane, noko som viser at det også har vore god aktivitet den sesongen.

Også i år vert det arrangert onsdagsturar. Det er lagt opp til sju slike turar på Sørsida, og denne gongen er alle desse turane også postar på Fjelltrimmen.
Som vanleg legg me vekt på at det skal vera greitt å klara 10 postar, altså nok til å få premie. Dei som går 10 postar, kan velja fritt mellom alle postane. Det vert som tidlegare premiert for 10 postar og for 15 postar.

Påmelding ved kjøp av kart og informasjon (frå 7. mai) vert hjå :
Marit Krossøy (butikken), Sandnesbutikken og Nærbutikken Kvingo

Saman med kartet er det laga ei orientering om kvar de finn postane, og korleis dei er plasserte. Postane er merkte med raude/kvite band.  
Målsetjinga vår er at folk skal få både naturopplevingar og mosjon – og rådet vårt er at de ikkje ventar for lenge med å ta ut. I år kom dei første postane rekordtidleg ut, og no er alle postane komne på plass.

I komitéen i år er Vebjørn Aasgard, Atle Nordland, Lillian Andvik, Astrid Daae og Terje Rasdal (mobil 91578002)  - dei kan de ta kontakt med dersom de lurer på noko. Når den vanlege fjelltrimmen vert avslutta 1. november, er det meininga også i år å leggja ut sju vinterpostar omkring på Sørsida. Sist vinter hadde me 1061 besøk på desse postane, som er det tredje høgaste talet når det gjeld vinterpostane.
 
Prisane er som i fjor: Vaksne: 100 kr, barn: 50 kr
Ver vennleg og betal innan 1. november, gjerne før.
N.B.Det er viktig at de passar på å betala inn, for når me går igjennom bøkene og tel opp, tek me utgangspunkt i dei som har betalt.
Dei som vil betala påmeldinga på nettbank/bankgiro til Fjon U.I.L., bruker kontonummer 3635 50 08643. I rubrikken for KID skriv ein då Fjelltrim 2017 + dei namna det gjeld.

Alle fjelltrimpostane 2017 på sørsida

Pdf-kart over postane

 

GOD  TUR !

Fjelltrimkomitéen

 

Web levert av CustomPublish