Etablerersenteret med mange tilbod

Etablerersenteret tilbyr kurs i etablering,  rettleiing/rådgjeving og nettverkstreff til gründere, entreprenører og oppstartsbedrifter i Hordaland. Tilbodet er både på norsk og engelsk.

Etablerersenteret er det offenlege sitt tilbod til gründere. Det er finansiert gjennom eit spleiselag med Hordaland fylkeskommune og 19 kommunar i Hordaland.
Tenestene frå Etablerersenteret blei vidareført til Hordaland fylkeskommune 1. desember 2016, då Business Region Bergen (BRB) blei lagt ned.

Kurstilbod 

Etablerersenteret sine kurs gir deg den kunnskapen du treng for å starte di ega bedrift. Du kan velgje kurspakker som inneheld fleire kurs til redusert pris, eller enkeltkurs. 

ABC Etablering

Kurspakken ABC Etablering gir deg den aller beste starten for deg og di verksemd, og nødvendig påfyll for deg som allerede har starta ega verksemd. ABC Etablering inneheld kursa 1-2-3 Etablering, Etablererkurs og Økonomikurs.

Kurspakka koster kr. 1300,- per deltakar.

1-2-3 Etablering 

3 timers kurs om etablering av bedrift. Her lærer ein om det formelle som må på plass for å starte eiga bedrift; til dømes val av selskapsform, risiko, skatt, moms, registrering, krav og liknande.

Pris: Kr. 300,- per deltakar.

Etablerarkurs

To heile dagar med kurs. I kurset går ein djupare inn i forretningsplanen og arbeid med forretningsideen og forretningsmodellering på dag 1. På dag 2 arbeid ein med økkonomi og skatt. Det øvast på korleis ein bør presentere forretningsideen sin med ein "elevator pitch".

Pris kr. 800,- per deltakar. 

Økonomikurs

Heildagskurs om økonomi. I kurset vil deltakarane kunne spele seg fram til økonomiforståing gjennom Økonomi Illustrator. Deltakarane vert satt i grupper og arbeid saman om eit gitt case. Gruppa fungerer som eit styre for bedrifta, som dei følgjer over ein periode på fire år. Saman må dei ta tøffe strategival og avgjersler om bedrifta si økonomi og framtid - skal dei investere i nytt produksjonsutstyr? Betale ned lån og liknande? I tillegg lærer deltakarane om korleis setje opp eit resultatrekneskap og balanse, og korleis rekne ut nøkkeltal. Kurset er svært nyttig, og ein ser at deltakarane frå dette kurset tek med seg kunnskapen over i eiga grunderverksemd og at det går opp nokre lys her.

Pris kr. 700,- per deltakar.

Du kan som alternativ delta på alle dei tre kursa over gjennom kurspakken ABC Etablering, som koster kr. 1300 per deltakar. 

Kurs på engelsk

1-2-3 Start Up (engelsk versjon av 1-2-3 Etablering)
Financial Illustrator (engelsk versjon av Økonomikurset)

Business Factory - spesiallagd kursserie for gründerar med internasjonal bakgrunn. Kursserien består av seks modular/ heildagskurs, kor deltakarane lærer om etablering, forretningsmodell, marknadsføring, sal, økonomi, kulturforståing og nerttverksbygging. 

Rettleiing/ rådgjeving

Rådgjeving vert gjeve individuelt av Etablerersenteret sine forretningsutviklarar. Dette er ei gratis teneste for etablerarar som har delteke på Etablerersenteret sin kurs.

Nettverkstreff 

Arrangeres månadleg på norsk (Treffpunkt) og fire gonger i året på engelsk (Link Up @ The Library).
Alle kan delta på kurstilboda til Etablerersenteret uavhengig bransje og status for bedrifta.

Her kan du lese meir om Etablerersenteret sine tilbod samt melde deg på kurs:

www.hordaland.no

Web levert av CustomPublish