Fullstendig breibandskart over Masfjorden

Fullstendig breibandskart over Masfjorden

Breiband- /fiberutbyggjing

Telenor har fått anbodet på breiband. No oppdatert med detaljerte områdekart over breiband- /fiberutbyggjinga i kommunen.

Det er Telenor Norge AS som har fått tildelt anbodet med å byggja ut breiband/fiber i Masfjorden kommune.

Dei aktuelle områda (skravert på pdf-kart) i første omgang er:

- Sandnes/ Kvamme
- Matre
- Hosteland
- Haugsvær
- Solheim
- Sleire/ Frøyset
- Straumsvika /Haugsdalsvågen

Fleire område kan koma til om dette let seg gjera.

Oppdatert kart over breibandsutbygginga (png)

I følgje avtalen skal breibandsutbygginga starta opp i vinter og arbeidet vera ferdig innan 1. desember 2017.  Meir konkret og detaljert informasjon med kart som viser dei aktuelle utbyggingsområda, er no lagt ut på denne nettsida. Masfjorden kommune tek sikte på å halda fleire orienteringsmøter saman med Telenor når prosjektet er i gang.

 

 

Tekst: Sveinung Toft, ass. rådmann

Web levert av CustomPublish