Biblioteket i sommar

Vi har hatt flott sommarver og sommartemperatur lenge, men dei fleste har vel ferien til gode enno. Uansett kva du har tenkt å gjere då, er det godt med lesestoff.

Biblioteket har godt utval og det kjem stadig nytt. Ta deg ein tur innom før det stengjer i sommar. Skal du reise  langt og ikkje vil dra på tunge bøker, kan e-bøker vere eit alternativ.

Gå inn på http://elanhordaland.no så finn du oppskrift på korleis du går fram for å låne. Ta kontakt med biblioteket om du treng hjelp.

Også i år blir det arrangert sommarles. I år har vi valt den digitale versjonen. Vi håpar mange blir med denne sommaren og.(Sjå artikkel om sommarles). I slutten av juni vert det sett ut bokkassar, ein med bøker for vaksen og ein med bøker for barn, i gapahuken på Matre og i Botneneset på Sandnes. Der er og ei hylle med bøker på butikken på Sandnes.

Siste opningsdag før ferien er:

Sandnes: måndag 25. juni.
Hosteland: tysdag  3. juli
Matre: torsdag 5. juli

Biblioteket opnar att:

Sandnes: måndag  30.juli
Hosteland: tysdag  7. august
Matre: torsdag 9. august    

 

God sommarlesing til alle frå Bjørg og Kjellaug

 

Web levert av CustomPublish