|
Bestefaren bøksla stykke på ”Bakkjen”, faren kjøpte det. Naustet kan vera rundt 100 år. Trebåten i naustet er bygd av ein Lars Reknes og er ca 50 år gamald. Båten har staurkjøl, ikkje fjøra på kjølen.
Det store nothuset på ”Bakkjen” er frå rundt 1890. Det stod eit nothus på grunnen innanfor, det kjøpte bestefar til Sigurd og brukte som geiteflor. Sigurd kan hugsa at noteigarane for på Fedje om vintrane etter storsild. Fram til ca. 1924 sigla dei – dei hadde ein storebåt dei kalla ”Vintrabåten” .
Sigurd fortel vidare dette :
Sjølv var eg med på vintersildfiske på Fedje i ungdomen. Første året kom det ikkje sild opp til Fedje, andre året tente eg 60 kroner. Eg var og på snurpa ein summar. Kasta me t.d. for 1000 kroner, fekk eg 25 kr.
I mai var det notebarking slik at dei skulle vera klare til silda kom. Det var kjekt arbeid. Frå gamalt brukte dei berre bjørkebork. Barken kokte dei i tynnekjelen ( koparkjelen). Nota hadde dei i trebinna, slo varm løg over, stod i nokre dagar. Seinare kjøpte dei bark i Bergen, bark som var i småbitar. Dei hadde katteko og tjøra i lag med børkeløget. Nota vart impregnert på ein annan måte då. Nota vart tørka på eit berg dei kalla for Høyberje, mellom to av nausta på Nord Kvingo. Dei hadde ein rull dei drog nota over, dei kalte det å vadla note.” |
”Før vegen kom til Bakkjen, hadde ein inntrykk av at ein budde på ei øy. Alt som skulle til Bakkjen og andre stader, måtte takast med båt eller på ryggen. Han far, han Bertin og han Mikkal søkte og fekk verkty og ammunisjon av kommunen for å laga veg. Dei fekk ti år på seg, men måtte setja gardane i pant som ein garanti. To månader i året gjekk med til arbeidet, og dei hadde ikkje inntekt i den tide. Dei fekk borga mat hjå handelsmannen. Mot slutten av vegbygginga, fekk dei nokre pengar frå vegfondet, og dei fekk tak i fleire folk til handboringa. I 1936 var dei ferdige.”
”Bestefar Ivar Nilson Kvinge f. 1854, var felespelar i bryllaup.
Svigerfar lagde feler til ungane då han kom på gamleheimen.”
Tekst: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær
Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen