Ny nettside for Masfjorden båt- og sjøbrukssamling
Båt- og ferjeportalen er no blitt nettside for Masfjorden båt- og sjøbrukssamling. Prosjektet båt- og ferjeutstilling på nett blei avslutta i 2005. Sidan dette har me fått etablert Masfjorden båt- og sjøbrukssamling som eit opent museum. Båt- og ferjeutstillinga frå 2005 vil såleis bli ein del av nettsida til Masfjorden båt – og sjøbrukssamling. Utforminga av sida vil bli tilpassa etter kvart. Sida vil no bli ein meir levande nettportal med sirkulasjon av nyhende og informasjon om samlinga.
Tilgjengeleggjering
Sidan sommaren 2007 har det, som mange har lagt merke til, vorte arbeidd med å tilgjengeleggjera Masfjorden båt- og sjøbrukssamling i nothuset på Sandnes for publikum. Nye båtar og reiskapar har vorte tekne inn i samlingane, nokre til utstilling i nothuset og andre til magasin på Nord-Kvingo. Målet er at det stadig skal vera nye ting og båtar å oppleva i nothuset i sommarsesongen.
Med oss som båt- og sjøbrukskonsulent har me hatt kulturminnegranskar Arne Høyland. Museumstenesta i Nordhordland har også bidrege med kompetanse på ulike felt. Utstillinga var open sommaren 2008, med guida omvisning og ulike arrangement - konsertar og foredrag - knytt til båtsamlinga og Kvamsdals fargeri, eit anna kulturminne på Sandnes.
(Sjå www.masfjorden.kommune/museum/museumsfargeriet.)
Sommaren 2009
vert museumssamlingane på Sandnes opne mellom 21. juni og 23. august,
fredag til sundag, kl 13-17.
Tekst del 1: Frode Vee-Haugen
Tekst og foto: Arne Høyland og Anette Thorsheim.