Masfjorden båt- og sjøbrukssamling
Frå utstillinga 2008 - - - Sommaren 2008 i samlinga
På
byrjinga av 1990-talet held nothuset på og forfalla. Noko
måtte gjerast, enten riving eller restaurering.
Kommunen fekk tilbod om å overta nothuset vederlagsfritt
frå notlaget mot at det vart restaurert. Kommunen takka ja
til tilbodet og gjekk inn på ein langsiktig leigeavtale med
grunneigaren.
Bygget vart restaurert i 1993 ved hjelp av sysselsettingsmidlar.
Kommunen gjekk inn med eit større tilskot til materialer.
På same tidspunkt hadde også kulturavdelinga i kommunen
gåande eit prosjekt leia av Arne Høyland på oppdrag
frå fylkeskommunen. Dette gjekk ut på å kartlegga
båtar og sjøbruksmiljø i Nordhordland. Masfjorden
kommune gav tilskot også til dette prosjektet. 1995 vart dette
samanfatta i ein rapport om båt og sjøbruksregistreringar
i Masfjorden kommune, utgjeve av kulturseksjonen i Hordaland fylkeskommune.
129 båtar var registret bygd i Masfjorden / Austfjorden, av
desse var 30 - 40 ferjer. Prosjektarbeidarane kom over fleire originaleksemplar
av Masfjordbåtar som ikkje var sikra. Da nothuset vart restaurert
passa det fint å få sikra desse i dette bygget, som
no inneheld 10-11 orginaleksemplar medrekna ein gavlbåt.
LITT HISTORIKK
Sandnes nothus vart bygd på slutten av 1800-talet og var eigd
av eit notlag på 12-13 mann.
Nothuset som er bygd på i fleire etappar seinare, representerer
fyrste trinn i utviklinga av dei store notbuene. Det var det største
i kommunen og det einaste som er att av dei 4-5 nothusa som hadde
notlag som dreiv med snurpefangst. Nothuset er kanskje det einaste
i sitt slag i heile fylket med denne konstruksjonen.
Fangsten byrja om våren etter blasilda og mussa. Om sommaren
byrja brislingfisket. Ein rodde om nettene og losjerte og overnatta
i naust, løe, båtar og slikt. Om vinteren var dei ofte
ute på Fedje, Rognvær og Sulen for å fiska storsild
med notskøyta. Ei notskøyte og to lettbåtar(loddebåtar)
var knytt til nothuset. Lettbåtane rodde samstundes på
fisket. Ein gavlbåt - kanskje også ein spelbåt
- vart brukt når dei byrja med snurpenot. Skøytene
var også brukte til skyssfart. No er alle desse er borte.
I 1940-åra skaffa dei seg ekkolodd på større
båtar som utkonkurrerte lettbåtane. Notlaget vart ikkje
lenger konkurransedyktige med å driva på den gamle måten,
notskøyta vart seld og drifta slutta på byrjinga av
50-talet.
Etter at notlaget vart lagt ned og før grendahusa vart bygde
brukte bygdefolket nothuset som eit kulturhus til diverse arrangement
som 17. mai, jonsokfest, dans og slikt.
Masfjorden kommune var kjend for å ha flinke båtbyggjarar
og var også leiande innanfor båtbygging i Nordhordland.
Blant kjende båtbyggjarar kan eg nemna Torvald Elvik og Ivar
Areklett som sannsynlegvis var den siste som bygde den såkalla
Masfjordbåten.
Nothuset og masfjordbåtane fortel om ein viktig del av lokalhistoria
til kommunen og er ein del av kystkulturen sin bygningsarv.
Det er sett ned eit eige styre for Masfjorden båt- og sjøbrukssamling og Kvamsdals fargeri.
Ei vidare utvikling av sjøbrukssamlinga i nothuset vil
vera ein langsiktig prosess med prøving og feiling for å
få til ein best mogelege presentasjon og sikring av denne
delen av kystkulturen.
Tekst : Frode Vee-Haugen
|