MÅTEN REGISTRERINGANE VART GJORT PÅ
Hordaland fylkeskommune og Norsk Handverksutvikling utforma ein
spesiell registreringsmåte med diverse skjema som skulle brukast
og fyllast ut under registreringane. I tillegg til det, laga eg
ei spørjeliste til bruk ved intervju, om tradisjonell ressursbruk,
bruken av landskapet, om båt- og sjøbruket m.m. Deretter
vart eigarar av båtar, naust, nothus og liknande kontakta
pr. brev med spørsmål om å få snakka med
dei og registrera gamle bygningar, båtar og reiskapar i sjøbruksmiljøet.
Etter kvart som registreringane skreid fram og ein nærma seg lokalitetane til dei einskilde eigarane, vart dei kontakta pr. telefon og det vart gjort avtale om tidspunkt for registrering. Under sjølve registreringa vart bygningar og båtar målte opp og fotograferte. I tillegg til det vart det teikna skisser av ute- og innemiljø og skrive lister over gamalt fiskeutstyr m.m. Til slutt vart det gjort intervju med eigar eller ein eldre lokalkjend person. Dokumentasjonen vart levert inn til Fylkeskonservatoren i Hordaland der materialet vart lagra og arkivert.
KVEN HAR DOKUMENTERT
Starten på desse registreringane kom i 1991 då eg gjorde
ei registrering av gamle notbåtar for Austrheim kommune. Med
bakgrunn i dette materialet starta Hordaland Fylkeskommune og Norsk
Handverksutvikling opp med liknande registreringar i 1992, det som
seinare vart heitande Båt- og sjøbruksregistreringane
i Nordhordland. Då registrerte eg eit lite utval av sjøbruksmiljø
i kommunane Masfjorden, Lindås, Austrheim, Radøy og
Meland.
I 1993 fekk kommunane tildelt statlege SKAP- midlar for å halda fram med registreringane. Dette året kom også Fedje kommune med i registreringane. Det vart då engasjert to personar i kvar kommune som fekk opplæring og som held fram med registreringsarbeidet. I Masfjorden kommune var det Gunnar Svein Haugsvær og Vibeke Prestmo Valestrand som registrerte dette året. I perioden 1999-2001, gjorde eg på oppdrag for kommunane Vaksdal og Voss liknande registreringar.
KVA OMRÅDE ER REGISTRERT
Pr. dags dato er då desse sjøområda registrert:
Masfjorden kommune, ferdig bortsett frå eit par gardar
Lindås kommune, om lag halvferdig
Austrheim kommune, ferdig
Fedje kommune, ferdig
Radøy kommune, har registrert om lag 1/3 av sjøgardane.
Meland kommune, ferdig
Vaksdal kommune, ferdig bortsett frå eit par gardar
Voss kommune, ferdig
Osterøy kommune, ikkje registrert
Modalen kommune, ikkje registrert
MANGE VARIANTAR AV FERJER OG BÅTAR
Eit viktig poeng med denne nettutstillinga er å kunna formidla
variasjonen av båtar og ferjer som er registrert i Nordhordland
og Voss. Denne variasjonen kjem m.a. til uttrykk i ulike konstruksjonar
og storleikar. Eg fekk midlar av Hordaland Fylkeskommune til å
gjera dette klassifiseringsarbeidet i 2001. Dermed var grunnlaget
lagt for å presentera breidda av den regionale båt-
og ferjekulturen.
Ferjene vart i utgangspunktet gruppert etter desse kriteria:
Konstruksjon: kor mange omgangar med bord (bordgangar) det er i
ferja
Storleik: kor mange rom det er i ferja (ikkje medrekna fram- og
bakrommet)
Då eg i 2003 kom ut i felten for å sjå nærmare
på aktuelle utstillingsferjer, så oppdaga eg fleire
variantar enn registreringsmaterialet viste. Variasjonen synte seg
i innved, keipar, samanføyingar, plassering av kjølbord
og måten dei var sua på. Dette gjorde at variasjonen
vart noko større enn det eg frå fyrst av hadde forventa.
KVA ER EI FERJE?
Folk flest i dag vil vel binda ordet ferje med dei store moderne
bilferjene, men ordet og farkosten er truleg svært gamal.
Den flatbotna fasongen og den tverrstilte fram- og bakenden (gavlen)
på ferja, peikar attende mot dei gamle båtformene som
vart brukt i dei forhistoriske stokkebåtane. Ferjene som er
registrert i Nordhordland har på same måte som med stokkebåtane
heller ikkje kjøl. I sørvestre delar av Vaksdal er
det registrert ein ferjetype som er spiss framme tverr bak.
I Nordhordland har dei klinkbygde ferjene vore mest brukt i elvar og vatn medan dei klinkbygde båtane har vore mest nytta på sjøen. Likevel syner registreringane at det er fleire områder i regionen der dette bruksmønsteret vert brote, der ferja også vert brukt i sjøen og båten brukt i elvar og vatn. I ytre strok av Nordhordland og sume stader i indre strok vert uttrykket pram eller eke brukt i staden for ferje.
FERJEVARIANTAR
Masfjorden har 9 variantar - Nordhordlandsregionen har 19 variantar
Det er nok fleire variantar av ferjer i regionen enn desse tala gjev inntrykk av, fordi registreringane i all hovudsak er gjort i sjøbruksmiljøa. Truleg vil ein kunna finna ein god del ferjer og ferjerestar langs vassdraga i indre dal- og fjellstrok av regionen og talet på ferjevariantar vil kunna stiga ein del.
KVA ER EIN BÅT?
Hovudskilnaden på klinkbygde båtar og ferjer av Norhordlandstypen
er at båtane er bygd opp på ein kjøl, har ein
kvassare fasong og er spisse framme og bak . Ferja derimot, er tverr
framme og bak, er rundare og flatare i botn og manglar kjøl.
(Sjå prinsippskissene)
GRUPPERING AV BÅTANE I VARIANTAR
Det er i all hovudsak registrert tre hovudtypar av klinkbygde båtar
i Nordhordland :
1. Nordfjordsbåten
2. Nordhordlandsbåten
3. Hardanger og Midthordlandsbåten
I Masfjorden er det registrert båtar frå gruppe to og tre, men og nokre få eksemplar frå gruppe ein er registrert.
For å få fram førekomsten av variasjon innan
kvar hovudgruppe, har eg gruppert båtane etter desse konstruksjons-
og storleiksvariablane:
tal rom
bordgangar
hals type (øksa eller sveigde halsar)
plassering av æsing (oppe eller nede på øvste
bordgangen)
BÅTVARIANTAR
I Masfjorden 14(truleg fleire)
I Nordhordlandsregionen 58(truleg fleire)
KJELDER OG BAKGRUNNSTOFF
Som utgangspunkt for arbeidet med å utvikla denne nettutstillinga,
har eg berre brukt dokumentasjonsmaterialet frå båt-
og sjøbruksregistreringane i Voss og Nordhordland.
NETTUTSTILLING SOM METODE FOR KULTURMINNEVERN OG MUSEUMSUTVIKLING
Etter å ha sortert båtane og ferjene i grupper av variantar,
tok eg kontakt med eigarar som eg meinte kunne ha laglege utstillingseksemplar
og gjorde avtale om fotografering og nærmare synfaring. I
samband med dette var det fleire av eigarane som ville gje gamle
båtar, reiskapar og liknande gamle ting til eit lokalt museum.
Dersom kommunen lukkast med å skaffa lagerlokale, vil registreringane
og arbeidet med nettutstillinga kunna fungera som ein pådrivar
for kulturminnevern og museumsutvikling.
Gjennom utstillinga prøver eg m.a. å formidla litt
om handverket og materialkunnskapen som dei gamle båtane og
ferjene er eit uttrykk for. Sameleis prøver eg gjennom intervju
og landskapsbilete å formidla noko om dei økonomiske
og kulturelle systema desse farkostane har vore ein del av. For
meg har det altså vore viktig å formidla dei mange samanhengane
farkostane står i. Difor vert dei presenterte og omtalt på
fleire måtar. Stikkord her er :
- Bilete- og tekstpresentasjon:
Kvar av farkostane vert presenterte med eigne bilete og tekstar.
Alle bileta kan sjåast i større format ved å
klikka på bileta.
- Prinsippskissa:
Prinsippskissa syner meir poengtert og stilisert korleis farkosten
er sett saman. Skissene er ikkje etter målestokk og er heller
ikkje heilt identisk med delane i den farkosten som vert framstilt.
Likevel syner skissene viktige trekk ved konstruksjonen som ein
båtbyggjar eller andre båtinteresserte kan ha nytte
av .
- Registreringsskjema
Til kvar farkost ligg det ved eit registreringsskjema som syner
meir presist og systematisk kva data som er registrert, slik som
mål og namn på farkosten, byggjeår, namn på
båtbyggjaren, byggjeplass, bruk o.s.b.
- Landskapet
Til kvar båt og ferje som er med i utstillinga, høyrer
det og med nokre landskapsbilete. Desse bileta kan vera til hjelp
når ein les intervjua om båt- og sjøbrukstradisjonane
i dei aktuelle områda.
- Intervju
Då båt- og sjøbruksregistreringane vart gjennomført
på 1990-talet vart det gjort eit eller fleire intervju på
gardane. For dei gardane som er representert med ein båt eller
ferje i denne utstillinga, er desse intervjua teke med. Gjennom
intervjua får lokalkjende folk fortald litt om det "gamle
naturfaget", om det gamle produksjonsapparatet, om levemåten
på garden og dei driftsmessige samanhengane båtane og
ferjene gjekk inn i.
- Kulturminneleksikon
For at folk som ikkje er kjend med det gamle båt- og ferjebruket
skal kunna få mest mogleg ut av utstillinga, har eg laga eit
minileksikon eller kultruminneleksikon , der ein kan slå opp
og finna forklaringa på spesielle ord og uttrykk.
Tekst: Arne Høyland
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen