Eit
gamalt bilde av ei ferje som ligg i båtstøa på
garden Fossen i Masfjorden. Bilde er kopi av eit gamalt postkort
med tittelen "Fjeldvand i Masfjorden" og er datert den
06.08.1908.
Eg har fått bilde tilsend av Vidar Østerbø. Mor til Vidar kjem frå Fossen. Kven som er med på bilete har eg ikkje fått opplysningar om.
Ferja er av same gamle type som "beistaferjo" på Matresøy.
Det er likevel noko heilt spesielt med denne ferja, for keipane ser ut til å liggja på utsida av øvste bodgangen og ikkje på innsida slik ein finn det på gamle båtar og ferjer i Masfjorden.
Diverre er det ikkje registrert eller gjort intervju med folk på garden Fossen, så her manglar me kunnskap om ferjetradisjonane og kvifor keipane er plassert på utsida av øvste bordgangen.
Treng du fleire opplysningar så er Vidar Østerbø
å treffa i Kvam kommune. Foreldra til Vidar bur på Matre.
Tekst: Arne Høyland
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen