|
Sumaren 1992 var eg med Arne Sandnes nede i naustet på Sandnes og han fortalde då litt om sjøbruket og trekeipingen som låg i naustet og som seinare vart flytta opp i nothuset på Sandnes. TREKEIPINGEN ”Båten skal vera bygd her i naustet om lag 1892. Det skulle vera ein frå Herøyne som bygde han. Trekeipingen var brukt som føringsbåt, til å føra ved og material tå sajena. Om vårane rodde dei te Fedje på palefisje og drog seg husafisk. Eg registrerte og målte opp båten og kom til dette resultatet: Lengd mellom stamnane: 629 cm |
Båten hadde høge stamnar framme og bak slik det var på dei gamle masfjordbåtane. Desse stamnane vart kappa av og Arne forklarar :
”Nåkre feiinga lånte båten og dei skar hødne tå han (kappa tå toppen på stemnane). Dei va visst litt øvetruiske”.
NOKRE ORD OG UTTRYKK
HYSESETA (f.)
Hyseseta er namnet på ein stad dei fiska hyse. Ein spesiell stad i Fensfjorden utafor Sandnes hadde dei ei hyseseta. Dei hadde eit mè der dei skulle sjå i to ulike naust.
LUDNGRINN (f.)
Ludngrinne er namnet på lunnane, d.v.s. dei runde stokkane som går frå naustdøra og ut i sjøen. Ludngrinne vart brukt til å dra båtane på når dei skulle ha dei i hus eller ha dei på sjøen.
VAREGRÅTTEN (m.)
Varegråtten er namnet på området som ligg ute i båtstøa, om lag ved halv sjø, mellom steinmurane og lunnane som går opp til naustet. Her var det lett å leggja til med båten uavhengig av sjømålet og ta om bord og på land varer som skulle ut eller inn.
”Utpå varegråtten” kunne dei sei. Dette ordet er og registret i Andvik og på Ådnekvam i Masfjorden, men og på Askeland på Radøy.
Nokon forklarer varegrotten med at det var den plassen dei tok varene på land eller om bord i båtane. Andre meiner at vare tyder ein steinmur (som ein varde på fjellet) og at staden difor heiter varegrotten. Grotten er området (hola) mellom steinmurane der lunnane ligg. Sjå bilete frå Bergsvik.
Tekst: Intervjua av Arne Høyland 09.07.92
Båt- og sjøbruksregistreringane i Masfjorden
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen