 |
Ferja er bygd av Malfred Trodal i 1938
(Sjå intervju med Olav Trodal).
Det er eit rom i ferja utanom bakrommet og framrommet.
Olav Trodal fortel at ferjene vart brukte til å ro
på butikken med, fiska, setja garn, og andre småærend.
Dei kunne og brukast til å føra ved med. |
 |
Botnborda i bakrommet i ferja er forsterka(reparert?) med
to smale bord som er klinka til dei underliggjande botnborda.
Elles ser ein at gavlen bak er bygd slik ein oftast finn
i ferjene med eit breitt bord pluss eit smalt oppå toppen. |
 |
Flatkeip med tollepinne.
Det er sett på ekstra slitestykke(årelappe) av
eik på keipen for at ikkje åra skal slita seg
ned i keipen. Årelappen er festa med trenaglar til keipen.
Keipen står på æsinga som er festa heilt
oppe på innsida av øvste bordgang.
|
 |
Det er to band og ein bækk i ferja. Nærmast på
bilete ser me frambandet med bækk(tverrstivar) av liknande
type som ein finn i gamle masfjordbåtar. |
 |
Bakbandet går mest heilt oppunder æsinga og er
skøytt saman av tre korte band. |
 |
Bakgavlen er festa til kjølbord, botnbord og sidebord.
Ferja er bygd på eit underliggjande kjølbord.
I flukt med kantane av kjølbordet er det spikra på
slitelister for at ferja skal vera lett å dra inn og
ut av naustet. Eit anna poeng med slitelistene er at dei sparar
kjølbordet for slitasje. |

|
Framgavlen, som er noko smalare enn bakgavlen, består
av eit breitt bord pluss ei smal list(slitestykke) på
toppen. Det er festa ein jarnring med kjetting oppe i gavlen.
Kjettingen vert brukt til å fortøya/festa ferja.
Her ser ein tydeleg undersida av ferja med kjølbord,
slitelister, og fire bordgangar.
|