 |
Totlandsdalsferja vart brukt til materialtransport av ein
reimskivefabrikk nede ved sjøen i Andvikgrenda.
Ferja er av dei største som er registrert og er 525
cm lang og 190 cm breid oppe på midten. |
 |
Ferja er bygd av Erik Totlandsdal i byrjinga av 1900-talet.
Ho er klinkbygd med underliggjande kjølbord som det
er festa to slitelister til.
Gavlen bak som ein ser litt av på dette bilete, er
samansett av fem smale bord. |
 |
Det er sett på ei langsgåande list på banda
under keipane. Desse listene vart brukt til å leggja
toftene på.
Det er ikkje bækkar i ferja. Det gjer at ein kan lasta
lange materiallengdar heilt frå botn og opp. Ferja har
såleis uvanleg stor lastekapasitet. |
 |
Det er kraftige band som er brukt i innveden og mange av dei
går med band skøytt på nesten heilt til
topps i bordgangen. |
 |
Det er berre eit botnband i ferja som ikkje er skøytt
og det er bandet som står like bak framgavlen. Ein ser
og av bilete at overkanten på øvste bordgang
er "trekt" med eit plastrøyr. Det er gjort
i nyare tid for å kunna bruka ferja ved kasting og draging
av not. |

|
Oppe på toppen av øvste bordgang er det sett
på ei æsing som tollegangen er festa på.
|