Når ein tek ut tiljene i ferja ser ein godt innveden
som bordgangane er festa til. Det er seks heile botnaband
og to bækkar av tradisjonell type. Olav Sleire fortel
at emne til band og bekkjer vart teken av grove furugreiner
som hadde høveleg fasong. Minste dimensjon av greinemne
til innved måtte vera 3 tommar.
På nærmaste langbækkjen på bilete
ser ein spor etter kvistane som har stått oppetter furstammen.
Kneet til høgre på bækkjen som står
oppetter dei to øvste bordgangane har då vore
ei høveleg grein som har vakse ut frå furustammen.
Ferja har m.a. vore brukt i vatnet ovanfor Store-Sleire til
å flåta tømmer og føra ved med. |