SLEIRE 1992
INFORMANT: OLAV SLEIRE f.1930.
REGISTRATOR: ARNE HØYLAND
BÅTBRUK - FIRKEIPING
-Firkeipingen som ligg i Olav Sleire sitt naust på Frøyset
er bygd av Isak Andreas Basteson Elvik, fødd Kallhovde 1857.
Isak vart gift på Elvik og tok då i bruk Elvik som etternamn.
Isak bygde mange båtar.
Bestefar til Olav Sleire kjøpte firkeipingen av Isak Elvik
rundt 1912, men då var ikkje båten ny. Dei på
Sleire brukte båten til ulikt:
- til kyrkjereis (til Sandnes)
- til å løypa ved og material (fløta)
- henta tang i Litlefagervika
- Føra sjelsand frå Rauneholmen
- Skuleskyss, femten-seksten born pluss læraren rodde i Hogsøya.
FERJEBRUK
Olav Sleire har naust og ferje oppi eit vatn. Ferja vart bygd i
1940 av Kristoffer Kås Daae Frøyset (f. 1912). Gunnar
Fredriksen (f. 1913) var med. Den som høvla borda til ferja
var eg og bror min Leif. Eg var da 9 år gamald og bror min
var 10 år.
Ferja vart m.a. nytta
- som stølsferje,d.v.s. dei frakta kjørl og folk og
mjølkeprodukt.
- til å føra lyng og høy til frå utmarka
- til å føra ris, ved og sprake
- løyping (slepa tømmer og ved)
VAREBYTE
Folk frå Austrheim og Fedje kom til Sleire og hadde med seg
sild, torsk og lyr og fekk bytta til seg ved, bork og never
FISKE
Det einaste fiske folka på Sleire dreiv, var fiske etter sjøaure
i Sleirevatnet. Dei fiska med garn og dorg. Der hadde dei fiskekjær
frå gamalt, i Kjærhola på Kjærdalsida i
Frøysetelva.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen