 |
Denne store ferja vert lokalt kalla for "hestaferjo"
og ho høyrde til på bruket til Eirik Riisnes.
Han gav ferja til Masfjorden kommune si båtsamling på
Sandnes. Ferja vart m.a. brukt til å føra hestar
over Risnessundet før det kom bru.
Ferja er 603 cm lang |
 |
I alt er det 12 botnband i ferja, 6 av dei er heile band og
6 er skøytte.
Det er to bækkar i ferja og dei er plassert over banda
i ro-rommet.
Ferja skal vera bygd rundt 1900 og hovudansvarleg for byggverket
er Johan Dragøy. |
 |
Bækkane er pryda med pyntestrekar slik ein og ser det
i dei gamle masfjordbåtane. |
 |
Den kvistfrie og fine veden i bækkleisten kan tyder
på at dei her har henta emnet frå rot og stamme. |
 |
Det er sjeldan det vert brukt band i botn ved gavlane. Men
i denne store ferja er det brukt eit kraftig band i bakgavlen.
Bandet er skøytt saman av tre delar. Me ser og at bakgavlen
er sett saman av eit breitt bord nederst og eit smalare på
toppen. Ein ser og av dei små understøttarane(listene)
som ligg inntil bandet på nest øveste bordgangen,
at dei har kunne lagt ei tofte bak i gavlen.
|
 |
Oppe i hjørna framme i gavlen er det sett inn små
kne som skal binda gavlen og øvste bordgangen saman.
Desse vinklane kan og ha vore brukt som handtak når
ferja skulle dragast inn og ut or naustet. |
 |
Botn under framgavlen.
Dei fem bordgangane i ferja er bygd opp på eit overliggjande
kjølbord. Slitelistene er spikra langs etter sua mellom
kjølbordet og fyrste bordgangen. |
 |
Dei to tollegangane er festa på innsida av øvste
bordgang.
Det er sett på ei ekstra fjøl/foring mellom keipen
og øvste bordet for at festet skal verta stødig.
Denne tollegangen er festa med to trenaglar. På bilete
ser me den eine trenaglen som er avretta. Det ser og ut som
det er slått inn to spikrar for å styrkja festet
av tollegangen. Det kan vera gjort seinare. Det ser ut til
å vera brukt eik som emne til tollegang.
|