
|
Det er tre botnband i ferja. To av dei er i heilo medan det
framste bandet (nærmast på bilete) er skøytt
på styrbord side. Over dei to bakarste banda er det
bækkar av tradisjonell type. Listene som er spikra til
band og bækkar og som går oppe langs etter båtsida,
ser ut til primært å ha den funksjon å stø
under for toftene. Same løysinga som på Totlandsdalsferja. |

|
Det er sett på æsing oppe på innsida av
øvste bordgang. Keipen som er ein flatkeip med tolle
står oppå æsinga og øvste bordgangen.
|

|
Hjørnekantane oppe i framgavlen er bunde saman til
æsinga med små kne. Knea kan og ha vore brukt
som handtak når ferja vart flytta eller drege på
land, jamfør Sleireferja. I botn ligg det eit breitt
overliggjande kjølbord.
|

|
Framgavl og botten under ferja.
Ferja er bygd på eit overliggjande kjølbord.
Under kjølbordet er det klinka på eit breitt
bord som fluktar med fyrste bordgangen i botn.
Dei tynne slitelistene(draga) er festa der fyrste bordgangen
tek til. Det er i alt fem bordgangar i ferja. |