| Data / historikk | Konstruksjon | Landskap |
Klikk opp bilda for større format
Informanten er usikker
på alderen, men meiner ferja er gamald. Ho er bygd av Kristen
Erikson Molland (1871-1970) |
|
Bakbandet er skøytt på styrbord side. |
|
Ferja sett framantil. |
|
Keipen vert mest å rekna for ein snellekeip, den typen som vert brukt i gamle Masfjordbåtar. Snellene manglar men plasseringa og fasongen er mykje lik som på dei gamle båtane. Det har ikkje vore brukt homleband på keipen, men i bakkanten av keipslunnen klyv keipen oppatt i ein skråkant samstundes som det er sett inn ein liten tollepinn til å stoppa åra med under roing. Opphavleg kan denne bakkanten ha fungert som ein tollepinne. Det er og lagt på eit slitestykke på keipslunnen slik ein finn i mange av dei gamle Masfjordbåtane. |
Tekst og foto: Arne Høyland
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen