MATRESØY (LITLE MATRE) 1993
INFORMANT: MALFRED M MATRE f.1930
REGISTRATOR: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær
(Båt- og sjøbruksregistreringane)
NAUSTET (PÅ INNSIDA AV ØYA)
-Naustet er bygd rundt 1870. Eg tvilar på at det er bygd nytt.
Mogleg det er flytta dit. Det var torvtak opprinneleg, så
vart det lagt pannetak på øvste sida. Eg fjerna det
for 5 - 6 år sida og la på bølgjeblekk. På
nordsida var det lagt på bølgjeblekk for 30 år
sidan.
Eg kan ikkje hugsa at naustet vart brukt til å tørka høy i. Fiskehovud tørka me i naustet for å ha til kyrene, hugsa at det hang heile knippa.
BÅTAR OG FERJER
Av båtar var det denne færingen frå 1920 me brukte
når me skulle utom øya. Eg veit ikkje kvar færingen
kjem frå, bestefar kjøpte han. Det var ein dei kalla
for Hardangerbåt, men han behøvde ikkje koma derifrå.
Viss me skulle ro eit litt lengre stykkje, brukte me båten,
til dømes til utmarkslått og vedhogst. Skulle ein ro
tvers over sundet, brukte ein ferja. Liknande når dei bar
avstad for å fiska litt lenger utpå. Båten hadde
me segl til, eg veit ikkje kven som har laga det, eg vil tru det
er laga i huset heime, men det var før mi tid.
Eg har vore med på å sigla. Robåten låg
ute om sommaren etter at det var isfritt. Om vinteren stod han i
hus. Om vinteren vart han faktisk ikkje brukt, ikkje i isperioden.
Me lagde årar, keipar og ausekar sjølv. Keipane på
båten er intakt. Eg har ikkje laga årar, men far laga
årar til båten. Ferjene bygde me sjølv.
FISKE
Fisket var stort sett heimefiske. Aurefiske var for salg. Me hadde
omtrent ikkje råd til å eta aure sjølv, den måtte
selgast. Den vart seld lokalt og til byen. Auren selde dei til hotellet.
Hotellet var i drift til krigen begynte. Tyskarane beslagla huset
til losji for sine folk.
Til husbruk var det sei, pal, torsk og linefiske. Til agn i linefisket
vart det som oftast brukt sild og makrell. På snøre
vart det fiska kviting og hyse. På isfiske vart det brukt
skjel til agn.
Stort sett var ein berre på eindagsturar på fiske. Det
kunne førekomma at ein var ei natt borte, spesielt på
seifiske, så ein skulle vera klar til å starta dagen
tidleg. Då for me til Kvamsøyskallen og Strømsnesskallen.
Eg har ingen formeining om dei hadde med seg mat på desse
turane. Eg og Karl Lillematre har vore på seifiske. Då
sigla me, brukte dette seglet. Var ute ved Hostelandsundet. Me låg
oppe i ei vik om natta og starta opp då det lysna om morgonen.
Det var storsei, og me hadde god fangst. Me kokte sei på bål
i fjøra som me leverte til middag.
SILDEFISKE
Far var med på sildefiske som mannskap på ei skøyte.
Det var ikkje vanleg her trur eg, men det var ein og annan som var
med på det for å få ekstra inntekt.
MAKRELL OG MAKRELLSTØRJA
Makrellstørja følgde med makrellen. Ho hoppa så
snart spiren kom om sommaren.
HÅBRANN
Og så var det håbrann. Den såg eg fleire gonger.
Kom sigande rett inn med land, såg ryggfinna i vasskorpa,
nokre svære beist, omtrent som ein båt. Det følgde
med spir og sild.
ISFISKE
På isen hadde folk sine siktelinjer for å få rette
plassen å hogga hol.
"Linntoseten" ligg i sundet mellom linntøa og urane
i Matresberje.
"Sjoseten" var lenger ute i sundet.
"Kålemile" er mellom Ole sitt naust vårt.
Namnet kjem sikkert frå noko som har foregått på
land. Truleg trekolproduksjon "Kolmile"
"Røven" er eit me. Der er alltid ope råk
frå Matresøy ned mot naustet til Anfinn. Og den "røven"
var bortpå iskanten og inn imot det opne råket som iskanten
lagde.
KVINNFOLK PÅ FISKE
Kvinnfolk på fiske var heller ikkje vanleg. Mor mi fiska ikkje
på isen, ho låg helst å fiska på kviting
med agn. Ho låg nede i sundet der ho fekk ei og anna hyse,
torsk og kviting.
GARN
Garn batt ein sjølv. Det var enklare å bitta garn enn
å bøta det. Me kalte det me batt garnet på for
ein RE , ein tredor som var halvrond eller oval med spiss kant på
langs. Det var den som avgjorde maskevidda, kor tjukk den var.
BARKING AV GARN
Garnbarking gjekk føre seg ved naustet, for eg huska at me
barka garn ute på brygga. Då hadde me ei gryte der me
tørka bjørkebark. Dette var før nylongarna
kom. Me sat og knuste bitar av denne barken med ein hamar på
kanten av gryta. Det var ei gamal stempa me brukte til å ha
garnet opp i. Borken vart kokt og garna lagt i bløyt i borkelågen.
SULA, TEINAR, GARNNÅL, BEINVED, KRISTORN
Sule, teina og garnnåle var stort sett heimalaga. Eg har ei
heimalaga nål, nåla vert mest som bein. Beinved eller
kristorn brukte dei og, kristorn er viltvoksande utover fjorden.
Beinveden er meir lys i fargen.
HAMLEBAND
Hamleband var ikkje brukt etter mi tid. Me hadde vanlege keipa med
tolla bak. Det var hamleband på båten ved Anfinn sitt
naust.
RIVER, ORV, KIPER OG KORGER
Bestefar batt kiper og korger. Ljåna var kjøpt, men
sjølve orva var heimalaga. Rive laga dei sjølv. Eg
har laga ambar og tynne i forbindelse med at eg gjekk snikkarskule,
dar lagde me trebinne og lærde lagging.
TJØREBREIING.
Tjørebreiing føregjekk ved naustet på utsia
på øya. Det skulle skje ein solskinnsdag. Der stod
sola mykje bere på. Den plassen kalla dei før Brotslevikje,
det kom sikkert av breiinga.
Båten vart tjørebredd bortsett frå øvste
bordet, det vart malt.
NAUSTET DAR UTE
Naustet der ute er ikkje så gamalt sånn sett. Olav Bjørnekletten
bygde det rundt 1930.
"BEISTAFERJO"
Eg hugsa tilbake då dei bygde "beistaferjo" i 1934.
Den bygde dei her i naustet. Det var far, bestefar og Anfinn som
bygde ferja.
SLO I UTMARKJE
Me slo i utmarka, stort sett i Smørdalen, høgt oppe.
Me hadde tre løypestrengar å fire børene på.
Me slo i venstre sida av dalen, der oppe under fonna. Ein løypestreng
derifrå og tvers over dalen, ein tilbake til venstre sida
av elva og ein derifrå og ned. Det har vore gamle utslåtter
frå gamalt av. Det var eit par neddottne løer frå
eldre tid, har vel tørka høy der oppe før dei
fekk løypestreng.
TØRKING AV GARN
Tørking av garn føregjekk inni naustet, me hengde
dei over stokkane.
LUNNANE
Til lunnane var det mykje osp det gjekk på.
NOTHENG
Me hadde ikkje notheng. Me hadde eit garn ei tid i lag med Rasmussen,
eit slygarn, eit ganske stort eit. Då hadde me eit notheng
på eit berg ved naustet til Ole.
SALTING OG TØRKING
Salting og tørking av fisk føregjekk ved heimehusa.
Fisken vart alltid sløgd der nede ved naustet før
dei bar han til huset.
LYNG, TONG, RØSJE, SKAV
Lyngskjæring var der, tong og røsje, skjera på
røsje, og så skavde me. All rauneveden som vart brukt
til brenneved var godt "tåskava". Me sat i stovo
og skavde. Vanlegvis vart veden alltid teken heim i strova. Det
var "røsje" på bortsida av naustet, eg veit
ikkje heilt kva det er, graset med dei flate blada.
VEDSAGING OG KLØYVING
Saging og kløyving føregjekk stort sett ved nøstet.
Raunen (strongane) bar dei opp. Den skulle skavast.
JAKT
Jakt var det ikkje mykje av, mest rypejakt. Noko anna jakt var det
fakstisk ikkje her inne. Det var ikkje allment å jakta etter
oter og slikt. Det var enkelte som liksom dreiv det.
Her inne var det ikkje jakting på sel og nisa.
SKOG
Då oldefar kom her til øya fanst det ikkje eit tre
her. Skogen var vekkhoggen, rubbel og bit.
Dei har hogge og brent bål. Furuskog har det vore, det var
fururøter i massevis i jorda då dei braut opp åker.
Furuskogen kan ha vore hoggen til å laga tjøre og trekol
av.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen