Hostelandsferja er bygd i 1957 av Sverre Kvinge, ein av dei
siste ferjebyggjarane i Masfjorden. Dette er ei lita og lett
ferje, ei av dei få som berre har tre bordgangar.
Ferja har m.a. vore brukt ved småfiske og andre småærend
på Hosteland.
I framrommet er det eit lite band som er av heil ved og det
bind saman kjølbordet og dei to nedste bordgangane.
Øvste delen av framgavlen har ramla av. Oppe på
innsida av øvste bordgangen er det sett på ei
æsing. Til vanleg vert det då sett på keipar
eller tollegangar oppå æsinga. Kva som har vore
brukt på denne ferja er ikkje heilt klarlagt.
Ferja er bygd på eit overliggjande kjølbord og
det er sett inn to botnband og begge er skøytt/laska
i hop av tre delar. Botnabanda går heilt oppunder æsinga
og fungerer i lag med dei lause toftene som tverrstivarar.
Det ser ikkje ut til å ha vore faste tofter som har
fungert som bækkar. Oppe på øvste bordgangen
heilt bak ved gavlen, er det sett på to små lister
som dei har lagt ei tofta på. Dette er ei løysing
me finn på mange av dei registrerte ferjene.
Under kjølbordet i /ved sua til fyrste bordgangen ligg
det to slitelister som beskyttar kjølbordet og lettar
transporten når ferja vert halt inn og ut av naustet.
Ferja sett utanfrå. Bakgavelen på denne ferja er
av eit breidt bord. Det mest vanlege er å bruka to bord
i bakgavelen, eit breidt nederst og eit smalare oppatt på.