INTERVJU - HOSTELAND 22.06.93
Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær
Informant: HENRIK LEIF WERGELAND HOSTELAND f.1907
Informanten har vore styrmann og reist mykje til sjøs. Han
var på skuleskipet i 1925.
BÅTANE
a) -Færingen er bygd i Masfjorden av Torvald Elvik om lag
1910. Henrik kjøpte båten brukt og då var han
halvsliten, no er han fullstendig vrak, lek etter heile samanføyinga.
Elviksbåten rusta og borda løsna. Den har ikkje vore
i bruk på årevis og er ei blanding av "hummar og
kanari". Den likna på strandebarmaren, elles er han noko
for seg sjølv.
b)Nordlandsbåt/Bindalsbåt.
Den har høyrt til soknepresten i Masfjorden, Sigurd Berg
(1920-25). Henrik kjøpte båten og anna utstyr som hadde
høyrt til presten. Båten var vanskeleg å ro.
Den ville berre gå rett fram. Konstruksjonen var stiv slik
at me måtte ro ekstra for å svinga. Den var fin når
den var i orden. No har den rotna og det går hol i han.
c)Oselvar
Båten er kjøpt rundt 1949 av ein kar han var på
fiske med. Eg hadde bruk for båt på denne tida og fekk
den sendt hit. Den er nesten ny og fin i bordgangane. Det er ein
stasbåt som er brukt i særskilde høve. Spriseglet
var det mest alminnelege brukte her omkring.
TREKEIPINGEN
Me hadde ein trekeiping i naustet. Gamle Ivar som reiste bruket,
Ivar Guttormsen, skaffa seg båt oppe i frå Nordfjord.
Båten rusta, datt saman og eksisterer ikkje meir. Far kutta
bakstamnen og sette på ein påhengsmotor til privat køyring.
Båten var nær sagt uerstatteleg.
OM BÅTANE TIL H. MATRE (NAUST E) - STOREBÅTEN
Brøggerane dreiv gardane sine annleis. Jona Brygg (Brøgger)
var rekna for ein kakse. Han var ein drivande kar og likte at folk
la merkje til han. Storbåten vart sett inn om hausten og stod
til neste vår. Han reiste til byen etter gjødsel med
denne, to turar om våren. Det vart lasta ein 20 tonn elle
eller noko slikt med byskit. Båten var 30 fot skulle ein tru
og sterkbygd som fyllte heile naustet. Naustet var bygd for å
ta han inn og ikkje meir. Eg tvila på at båten var bygd
her i fjorden.
FÆRINGEN
Eg hugsa at Brøggerane hadde ein færing før
"Jakopen". Det var ein eineståande god båt,
nesten uslåeleg med segl og smatt forbi alt som var på
sjøen. Eg trur han var bygd i Andvik av Erik Totlandsdal,
som var litt av ein kunstnar. Dei hadde båten i mange år,
så bytte dei han ut med gamle "Jakopen". Det hende
me var ute å kryssa på sjøen, men ingen andre
båtar kunne ta han. Me brukte ikkje råsegl då
dei hadde han her.
RÅSEGL
Brøggeren hadde råsegl, me lånte råseglet
til vår eigen seksæring. Seks mann køyrde over
fjorden til Lindås. Dei skulle høyra på eit politisk
foredrag om stortingsvalet. Eg var berre 10 år, nesten ingen
som visste om meg. På tilbakereisa bles det opp til stiv kuling
og me måtte innom Dyrøy for å komma i le. Båten
gjekk så raskt at me måtte stoppe, komme i le og ro
vidare.
KVERNHUS
Eit gamal kvernhus ligg ute i eit vassdrag. Der er det laga figurar
på døra, skulle nesten tru det var forhistorisk. Det
er jekta med råsegl og skore inn med kniv. Kvernhuset er forholdsvis
presentabelt, reparert og sett i stand. Så seint som i 1930
var der tre kvernhus.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen