SOLHEIM 1993
INFORMANT:
ELSE SOLHEIM, VESTRE SOLHEIMSØY OG AMANDA HAUGSVÆR FORTEL.
REGISTRATOR: Gunnar Svein Haugsvær
BÅTBYGGJAR, HUSBYGGJAR,LAGGING M.M.
-Baste Olson Stegalvik f.1837 i Stegalvik, død 1924. Baste
var husbyggjar og båtbyggjar. Han bygde ei jekt i Stegalvik
som dei kalla Bastina Stegelina. Med denne førde dei ved
og varer til Bergen. I 1884 fekk han tinglesen festeseddel på
br.2 sin del av Solheim øy. Der dreiv han med rydding og
nydyrking. Etter at han vart skadd under arbeid på eit bygg
fekk han nedfallsjuke. Seinare arbeidde han mest heime med dreiing
av skåler og fat, lagging av kinner, stemoer og andre trekjørald.
Til fatlar i stølebytter og slikt fletta dei børk
av sprake. Han batt også kiper og laga garn, forsyn og andre
fiskeredskapar
Baste hadde høvlebenken på lemmen (loftet) og arbeidde
med lagginga der om vinteren. Tidlegare brukte han truleg stova
til det.-
Amanda fortel at ho saman med bestemor si rodde til Haugsdal for å levera trekjørald som folk derifrå hadde bestilt hjå Baste.
GRUA VED NAUSTET
-Utanfor naustet hadde dei gruve som dei varma vatn til barking
og varma tjøre til båtane.-
TØRKING PÅ NAUSTVEGGEN
-Om haustane salta dei ei tynne eller to med sild i naustet, denne
hengde dei så på naustveggen.-
RØYKING I GRUA
-Sild og makrell røyka dei i grua.-
MEIR OM BÅT- OG FERGEBYGGJING
-Olai Solheim f.1884 d.1980, son av Baste Stegalvik. Oali var oppvaksen
på Solheimsøy saman med Kristian Solheim f.1886 (på
det andre bruket på Solheimsøy). Desse to var ikkje
gamle karane då dei fekk ein gamal øydelagt båt
som dei sette i stand og brukte. Seinare bygde dei båtar,
både saman og kvar for seg eller saman med andre.-
-Else var med far sin(Olai) og bygde ferjer. Dei to siste ferjene Olai bygde måtte ho klinka sjølv, faren var då vorte så dårleg på synet, han heldt på saumen. To av dei siste båtane - færingane - Olai bygde har Else enno. Den eine er i dagleg bruk.-
FELESPELING
-Olai gjekk i lære hjå Tobias Tveiten frå Lindås
og lærde å spela fele. Kristian lærde også
felespel og vart ein særs god felespelar.-
FISKING OG JAKT
-Olai og Kristian var og mykje saman på jakt og fiske, oterjakt
og rypejakt. Dei var også saman med Erik Askeland f.1859 d.1928,
både på notbruk og jakt(nise,alke og oter).-
NISTA
-Som niste når Olai og Erik Askeland var på jakt og
fisketurar fekk dei med potekaker og grytebakt brød. Den
tida hadde dei ikkje vedkomfyr. Erik og Olai bygde også båtar
saman.-
AUREKASTING
-Else var mykje med på kasting etter aure. Oftast rodde børene
til Else til Saltneset og borda sandfartøya som gjekk mellom
Matre og Bergen, slik at dei fekk auren ferskast mogleg til Bergen.-
MOTORMANN OG SMED
-Kristian vart ein god smed og motormann, monterte også motorar.
Han smidde jarnpikar til piggstavar. Under krigen 1039-40 var det
vanskeleg med drivstoff til motorane, då kokte han spekk og
lyse og blanda med solar som han brukte til drivstoff.-
GÅ PÅ STØLEN
-Om sommaren reiste me til fastlandet for å gå på
stølen å mjølka kyrne. Kyrne gjekk i Solheim
si utmark.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen