SOLHEIM 1993
INFORMANT: ERIK KRISTENSON DUESUND f.1922
REGISTRATOR: Gunnar Svein Haugsvær
NOTBRUK
Erik Askeland var bestefar til denne Erik, han var fødd på
Myking i 1859 og døde i 1928.
Erik Askeland var fiskar, jæger og småbrukar. Han fiska
med landnot, seinare kjøpte han seg ei snurpenot og to ro-gavlar
som dei kalla "Knoll og Tott". Det var vanskeleg med pengane
og selgaren ville taka pant i garden. Då lånte han pengar
privat og let nokre naboar kjøpa seg part i bruket. Olai
Solheim hadde ei tid part i dette bruket .
Kristian og Olai bygde ein spelbåt til notlaget. Denne vart
og nytta til å frakta kyr og sau til og frå Solheimsøya.
Seinare førde dei i færingane. Elles var det fleire
båtar som hadde vore med på kasting og fiske, han nemner:
Gamle "Frøya" ,"Trasta" og "Per
Gynt".
Erik Duesund er no eigar av det gamle nothuset på "Flea".
Dette var tidlegare ei gamal løe som stod i Trodalen. Ingar
Sandnes har kjøpt nothuset på Småsundet med tilhøyrande
tomt. Den tida notlaget eigde nothuset på Småsundet,
leigde dei tomten av br.2. Då skulle dei betala leiga med
ein kasse brisling årleg eller tilsvarande annan fisk.
Nota vart valla på Hellevikane, men mærdane vart valla
på Flea.
Nota vart valla både på naustberget og noteberget.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen