Spel (n.) : Brukte spele (runde stenger) til å hengja opp garn og nøter på.
Klåkkesplinten (m.) : Splint som reiste rundt og selde m.a. klokker.
Bybås (n.) : Utedoane i Bergen vart tømde, og denne
byskiten vart henta av bønder ute i
distriktet. Bøndene brukte byskiten til å gjødsla
åkrane med.
Krykkja (f.) : Støtta/krakk med tre bein som ein set under båten og støer han opp med.
Spil (f.) : Oppståande tre-spile, spileverk, som kipa vert fletta på.
Bleagadn (n.) : Auregarn ("tjøagadn") som vart nytta til å kasta etter sjøaure.
Kjøagadn (n.) : Auregarn, sjøaure
Lysa (f.) : Fiskelever som etter å ha stått ei stund
vert omdanna lysa. Lysa vart m.a. brukt
til skosmurning og maling.
Lysegryto (f.) : Gryta som dei samla lysa i.
Madlauk (m.) : Sjøgras som dei slo og tørka på
svaberga. Selde det i Bergen, brukt som fyll i
madrassar, sengety m.m.
Dubbel (f.) : Flytemiddel av tre som er festa i enden av lina.
Rispesalt (n.) : Salt og silderisp, restar i samband med sildesalting. Brukt å gje til beista.
Hylekrok (m.) : Nordlandsbåt . (Presten Berg i Masfjorden
kjøpe han)
Lanndra : Dra tømmerflåten fram langs med land med
lange tau. Drog frå nes til
nes. Slepte flåten utpå eit stykkje med robåt,
rodde slepelina til neste nes, gjekk på land og drog flåten
til seg. Så slepte dei flåten ut att og drog han til
neste nes.
Barkeså (n.) : Stort lagga trekjerald /stampe, til å barka garn, not m.m.
Sjohus (n.) : Lita hus nede ved sjøen til å ha ymse varer og reiskapar i.
Hadlhakje (m.) : Ei jernklo til å låsa kjettingen fast
i tømmeret, brukt under tømmerfløting
og husbygging.
Fanabest (n.) : Ei ku er eit fanabeist eller eit kubeist
Fiskekista (f.) : Liten trekasse som ser ut som ein båt,
brukt til å transportere og oppbevare
levande fisk i sjøen.
Fle (n.) : Flytemiddel oppe langsetter garnet
Bete(n.) : Namn på tverrstivaren i ei grind (grindhus)
Snedband (n.) : Namn på skråstivaren i ei grind (Grindhus)
Stav (m.) : kraftig støtta som beten ligg på i ei
grind (Grindhud)
Stavlæggja (f.) : Langsgåande konstruksjonsdel som bind
saman grindene i eit grindbygg.
Tekst: Arne Høyland
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen