Areklett - landskap / bygningar
Klikk på bilete for større format

|
Areklett ligg på nordsida
av Fensfjorden ved innløpet til Masfjorden. Nærmast
i bakgrunnen ser med garden Kvamme og Kvamsholmen. Naustet lengst
til høgre har fått eit lite tilbygg der den gamle
firkeipingen står. Opprinneleg sto båten i eit naust
lenger sør på garden. |

|
Mellom naustet og sjøen ligg lunngrinda
der ein dreg inn og ut båtane. Tett ved sida av naustet
står ei lita sjobu. Her kunne dei ha fiskereiskapar og
liknande. Bygningen lengst til venstre vert kalla nothuset.
Det vart brukt til å oppbevara og tørka små
kastegarn,nøt og det som elles høyrde til dette
bruket. Den lange steinbryggja som stikk eit stykkje ut i sjøen
fungerer og som ein liten molo.
|
 |
Sjå teksten over. |
Tekst og foto: Arne Høyland