| INTERVJU 02.07.92 | Ord og uttrykk |
BÅTBYGGING
-Han oldefar, Jakob Areklett, bygde ein færing som han far
brukte. Seinare vart han seld til Jordal. Eg selde til han som styrde
med båtane her tidlegare, og var matros.
Eg har bygd om lag 40 robåtar, trebordingar.
FIRKEIPINGEN
Firkeipingen er bygd i Andvik av "Erik i Smehåjen".
Han er bygd før 1875 for det året brukte han bestefar
og ho besta båten til å koma seg til byen å kjøpa
inn til bryllaup.
Båten vart også brukt til å føra sauer
på. Førde opptil 18 sauer pluss nokre lam.
Dei førde og fanabeist/kyrabeist med firkeipingen og for
til Matre, Haugsvær og Vågset.
Firkeipingen var og brukt til byreise. På heimvegen var dei
innom "Smørslikko", ein stad ved Mongstad, der
dei slikte i seg smør-restane i ambrane.
Dei førde også materialar på han. Difor er det
støtter (sneller) på frambækken og bakbækken,
så ikkje tyngden av materialane skulle bryta han ned. Denne
båten har alltid stått i det sørlege naustet.
BRUK AV FÆRINGEN
Færingen vart brukt når me rodde til handelsmannen og
når me var i skogen etter båtbord og ved. Han vart også
brukt til fiske. Me brukte og kastegarn og kasta etter makrell og
palemort.
MADLAUK
Madlauk er eit gras som veks i sjøen.
Dei slo madlauk på fjæra, slo frå båtane,
turka det på berget og selde det til byen. Det vart brukt
til sengebol. No er dette heilt vekke. Kva som er grunnen veit eg
ikkje.
KYRKJEBÅT
Til kyrkje brukte me færingen, me segla viss det var vær
til det.
RO I SKODDA
Dei rodde i skodda, då hende det at dei kom att der dei hadde
starta, dei rodde i ring. Kom eg ut i skodda, så høyrde
eg elva og peila etter den.
KIPA
Han far batt kipe. Dei brukte hunen frå fura, kløyvde
spilene med kniven og smidde dei. Han smidde i naustet om sommaren
og batt om vinteren.
SEGLBÅTEN TIL BESTEFAR
Ivar har ein rorkult som skal ha høyrd til seglbåten
til bestefaren. Kan det ha vore til ei masfjordjekt?
JEKT I STØLSNESET
I 1930 låg det ei gamal jekt i Stølsneset (Frøyset)
JEKTESKIPPAR PÅ HAUGSVÆR
På Haugsvær inne i fjorden budde han Erik på Bue.
Han hadde ei jekt og var jekteskippar.
Budde han i kjellaren hjå Gunnar Haugsvær?
LYNG
Dei var ute i Dyrøy å skar lyng.
FLOTING AV TØMMER
Dei flota tømmer. Av og til landdrog dei. Da slepte dei flåten
frå nes til nes. Flåten vart slep utpå med færingen,
så rodde dei til land og drog flåten i land på
neste nes.
KROKA (innved til båt)
Var i Dusenmark og hogg kroka, flota det ut til saga vår.
EIK I BERGSVIK (Kjølemne)
For til Bergsvik etter eik der me kjøpte, kappa den og flota
den ut att.
BÅTASKOG
Ivar nemner desse gardane der han har fått materialar til
båtbord: Sævråsmarkje, Dusundmarkje og Risnesmarkje
GEIT
Me hadde eit par geiter om sommaren så me hadde mjølk
til kaffifløyten.
BÅTBYTE MED SPLINTEN
Han bestefar hadde to færingar, den eine bytte han med ein
splint.
SPLINTEN
Reisande folk i båt, selde ymse varer deriblant klokker.
- låg i kjellaren, dei låg natte over og var ei lita
stund om dagen.
- splinten overnatta og i naustet. Når gardsfolket kom ned
etter at dei var reist, kjende dei "splintalukt" i naustet.
TØRKEPLASS I NAUSTET
Streng under taksperrene der dei tørka sild.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen