INTERVJU 16.07.92
Registrator:Arne Høyland
Informant: Magne Johannes Andvik f.1932
BÅTAR
Her var færing og trekeiping på garden. Det står
ein firkeiping i sjøfartsmuseet i Oslo som var bygd her på
bruket.
På den gamle færingen er stamntoppane vekke:
- Det var gammaldags med høge stamn, difor skar eg av stamnane
på færingen
RÅSEGL TIL FIRKEIPING
Råseglet vart brukt til å samla opp "kådne"
når me "trekste".
FISKING
Når dei fiska med snøre, fiska dei djupvassfisk(hyse
) og brukte blåskjel og sild til beite.
Blåskjel vart henta opp av sjøen med ei skrapa og ein
pose under. Skjela la me i fjæra frå ein gong til neste.
I Storavatnet sør for garden var det mykje sjøaure
opp elva til vatna innom garden. Her vart det drive garnfiske i
fellesskap. Kasta i vatnet og landdrog. Dei køyrde hestelass(kjerrer)
med fisk som vart pakka i kassar og leverte med rutebåten
til Bergen. Dette var ei attåtnæring.
I eldre tider kasta dei "julafisk" på "jyteree"(der
auren legg rogna si).
NOTLAG
Her var stort notlag ei skøyte med motor, ein stor gavlbåt,
ein stor spisstemning som heitte Jakoben og to lettbåtar.
GEIT
Her var mykje geitedrift, meir eller mindre på alle gardar
og bruk. Geiteflorane låg samla på ein stad med geil
ut til felles utmark og beite. Geitene gjekk ute heile året,
men var inne på kalde vinternetter.
TURKING AV HØY
Oppetter gråsteinsmurane i løa hesja me høy,
utseslått og potetkål. Veggane vart ribba opp med tynne
staur. Det turka betre på staur enn på streng.
VED
Hogg ved, selde og leverte til fartøy.-
ORD OG UTTRYKK
Beite (n.): Dorga med trover, brukte bukjen tå auren til
beite(agn) når me dorga etter makrell
og pir.
Døbbla (f.): Flytemiddel i enden på garn og liner.
Lø-hes (f.): Hesje på innsida av løveggen.
Staurkrakk(m.): Brukt til å stå på når
me hesja potekål og markaslått.
Stø (f.): Lunnane der ein drog båtane inn og ut or
naustet.
Varegråtten (m.): Steinmur langs med eine sida av støa.
- "Det var på varegråtten me lende og gjekk på
land. Her kunne ein koma i land på all slags flo og fjæra".
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen