INTERVJU 15.07.93
Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand
Informant: Ludvik Andvik f.1933
FÆRING MED RÅSEGL TIL SJØBRUK
-Me hadde ein stor færing med eit 7-8 kvadrat stort råsegl.
Det var brunbarka. Det var ein Johannesbåt.
NAUSTET OG LØA SOM TØRKEPLASS
Naustet er frå 1890 etter utskiftinga. I naustet turka me
tang og potetkål. Potetlauvet brukte me til kyrene samen med
halm og vatn. Fisken turka me på løeveggen.
BÅTBYGGARAR I TOTLANDSDAL.
Erik Totlandsdal og Andreas Totlandsdal var båtabyggjarar.
RIVER OG HODL
Onkel laga rive, men elles kunne vel alle eit handverk. Dei var
nøye med korleis ting vart laga. Fekk ein vondt i handa når
ein brukte eit reiskap, måtte ein sjå om ein kunne utforma
reiskapen betre.
Hodlane vart laga av einer eller hatl som vart kokt og bøygd saman.
UTESLÅTT VED STORAVATNET
Uteslått aust i vatnet. Firde høyet med streng og førde
det med båt. Firestrengen var 7-800 meter. Det var berre brukt
båtar i vatnet, ikkje ferjer. Det var værhardt på
vatnet, så ein måtte ha gode båtar.
"BEISTAFERJO" OG "KUBENKJEN"
Kolbjørn Reknes har beisteferja, som førde beist frå
Reknes over fjorden til Kubenkjen, eit skrått berg på
utsida av Ådnekvamsholmen. Berget er like skrått uansett
flo eller fjære.
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen