INTERVJU 15.07.93
Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand
Informant: Einar Jonson Andvik f.1919
NAUST OG BÅTAR
-Trekeipingen i naustet vårt har Johannes Andvik bygd. Den
var brukt til kyrkjebåt og til å føra ved i m.m.
Eg hugsar far og bestefar kom seglande med ein tømmerflåte
frå Lauvik. Dei hadde då råsegl på båten.
Me hadde og ein firkeiping då eg var liten. Den vart seld
til Rongevær.
Færingen vår har Andreas Totlandsdal bygd. Det er ein liten treboring som er lett og ro.
NAUST OG BÅT VED STOREVATNET:
Båten i vassnaustet vårt er bygd av bestefar min, Knut
Andvik. Båten er over 100 år og vart brukt som stølebåt,
og til å føra ved og høy i frå utmarka
inn ved vatnet. Nausta ved vatnet er truleg like gamle som gardane.
Rundt 1850 gjekk det ei stor skred der bedehuset no står. Den sopte med seg naust og båtar. Det vart seinare funne levningar etter dette på staden. Det gjekk nokre kalvar i lia der skreda kom. Ho delte seg ovanfor dei, og gjekk i saman at nedanfor. Dei stod midt i skreda som på ein holme. Denne staden vert kalla Holmen den dag i dag.
AUREFISKE I ELVA OG VATNET:
Oppsitjarane her i Andvik fiska frå gamalt av i fellesskap
med garn. Dei fekk mykje fisk som vart pakka og sendt til Bergen
og var ei fin attåtnæring. No er fisken for det meste
borte. Ein dorgetur på vatnet eller med troa i elva er det
fisket som vert drive i dag.
NOTLAG:
Andvik hadde og notlag. Skøyta heitte "Fram" og
vart brukt som snurpebåt. Tid om anna var det bra fangst.
No er skøyta, notbåtane, nothuset og alt utstyret vekke.
KVERNHUSET:
Kverna var frå gamalt av mykje brukt. Under krigen vart det
dyrka mykje korn. Kverna vart då beslaglagt av lensmannen,
men me tok seglet av og mol nattetid. Kvernhuset og kverna står
den dag i dag.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen