Du er her: Start»Tenester»Barnevern
Hestesko over døra - eit godt teikn. Foto : Rune Garmann

Hestesko over døra - eit godt teikn. Foto : Rune Garmann

Gulen og Masfjorden barnevernteneste

Barnevernet har kontortid frå kl. 09.00-15.00 på kvardagar.

Ved akutt hjelp kan ein nå oss på mobil 99792109 utanom kontortid. Barneverntenesta jobbar i hovudsak der barnet er, difor er me ikkje alltid på kontoret. Avtal møter på førehand.

Etter vår kontortid kan du og ringe 116 111 - Alarmtelefonen for barn og unge. Dette er ein gratis nødtelefon for barn og unge, eller for deg som er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Alarmtelefonen er også open i helgane og om nettene.

Barneverntenesta sitt ansvar og arbeidsoppgåver er regulert i Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 med forskrifter.

Formålet med barnevernet er å :

  • Bidra til at barn får trygge oppvekstvilkår
  • Sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid
  • Ha barnet sitt beste i fokus

Kven kan nytte seg av tenesta

Alle kan kontakte barnevernet for å få råd og rettleiing i forbindelse med barn i alderen 0-18 år. Barn kan også sjølv ta kontakt. Offentlig tilsette og helsepersonell har meldeplikt til barnevernet ved mistanke om omsorgssvikt. Private kan også melde frå ved bekymring for eit barn sine levekår. Er du usikker på om du bør melde di bekymring til barneverntenesta, så ta gjerne ein telefon for å drøfte dette anonymt med oss. Det er mogleg å komme til vårt kontor for å diskutere din eigen situasjon, eller drøfte ei eventuell bekymringsmelding. Meir utfyllande opplysningar om barnevernet finn du under ”Informasjon om barneverntenesta” (www.barnevernet.no)

Adopsjon

Det er barneverntenesta i Masfjorden som utredar sosialrapport i høve adopsjon. På Barne-, ungdoms- og familieetaten sine heimesider kan du finne meir informasjon om adopsjon og barnevern. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål vedrørande adopsjon.

Ynskjer du/de å bli støtteperson, støttefamilie, besøksheim eller fosterheim?

Barneverntenesta manglar ofte viktige støttespelarar til både barn, ungdommar og deira familiar. Desse oppdraga kan vare frå nokre timar til fleire dagar i månaden. Det krevjast ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du/de må ha overskot og interesse for medmenneskje. Før oppdraget startar må de levere inn politiattest Løn vert gitt etter avtale. Dersom du/de ynskjer å vete meir, ta kontakt med oss.

 

Web levert av CustomPublish