Barnehagar

I løpet av åra har barnehagetilbodet i kommunen utvikla seg til å halde ein høg fagleg standard, med godt kvalifiserte medarbeidarar. Sjølv om ein i dag ser ein tendens til aukande barnetal i årskulla, er det framleis slik at det er lita eller ingen ventetid på å få plass. Foreldra har også stor fridom til å velge dei vekedagane dei vil ha borna i barnehagen.

Fristen for hovudopptaket til barnehagane er sett til 1. mars. Søknaden skal leverast elektronisk. Dei som ikkje har tilgang til internett kan fylle ut skjemaet på eit av biblioteka eller kommunehuset i opningstida, og få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende seg til ein av barnehagane eller tenestetorget i kommunen.

Masfjorden kommune er stor i utstrekning, og av den grunn er det etablert ein barnehage i kvar del av kommunen.

  • Indre Masfjorden barnehage ( blå markør på kartet attmed ) ligg på Matre, og vert nytta av born som bur i indre delen av Masfjorden.
  • Nordbygda barnehage ( lilla markør på kartet attmed ) ligg på Hosteland, og vert nytta av born som bur i nordre del av ytre Masfjorden.
  • Sandnes barnehage ( raud markør på kartet attmed ) ligg på Sandnes, og vert nytta av born som bur på sørsida av Masfjorden.

Du finn informasjon som den einskilde barnehagen via menyen "Barnehagar" opp på sida. Her finn du også informasjon om betalingssatsane.

 

Web levert av CustomPublish