Eit uvanleg transportmiddel på våre kantar. (c) Wikipedia

Eit uvanleg transportmiddel på våre kantar. (c) Wikipedia

Angåande bestilling av drosjeturar til legekontor / spesialist / poliklinikk etc.

Det er kome nye reglar angåande transport frå 01.10.2016 :

  1. Ein har ikkje lenger rett til drosje til legekontoret dersom avstanden er mindre enn 10 km. Men dersom helsetilstanden tilseier at ein ikkje er i stand til å reise med offentleg transport, kan vi likevel rekvirere drosje. Ta i så fall kontakt med legekontoret.
  2. Ved reise over 10 km : Er du i stand til å reise med offentleg transport, men eit slikt tilbod ikkje finnest, skal du sjølv ta kontakt med køyrekontoret, tlf. 05515. Her gjeld elles dei same reglane som ved korte turar.
  3. For reiser over 10 km får du dekka kr 2,30 pr km uavhengig av reisemåte ( buss, eigen bil, sykkel… ). Desse reglane tar ikkje omsyn til om det går offentleg transport.

Dei same reglane gjeld for transport til helsestasjon, jordmor, fysioterapeut mm.

Yttelegare informasjon finn du på helsenorge.no

Web levert av CustomPublish