HjemNyhendeKommunen har fått ny heimeside

Kommunen har fått ny heimeside

  • Kva behov har du?
  • Korleis skal vi byggje den nye sida slik at du finn fram?
  • Korleis kan vi skrive slik at du forstår og kan hjelpe deg sjølv?

Ei kommunal nettside inneheld mykje informasjon og skal dekke mange ulike behov. Heimesida er bygd etter det som ein trur om behovet til deg som bur og/eller driv næring i kommunen.

Kva er nytt?

Me har fått på plass «Min side», der du kan logge deg på og finne snarvegar til Altinn og Lånekassen. Her kan du også finne fakturaer frå kommunen og be om betalingsutsetjing.

På sikt vil «Min side» gje alle som bur og driv næring i Masfjorden kommune ein oversikt over eige forhold til kommunen. Det vert vidare med å få på plass fleire tenester på «Min side», og vil informere etter kvart som dei kjem på plass.

Du vil også oppleve at sida ser annleis ut. Me har gjeve meir plass til tenester, mindre til nyhende og kalender. Dette er blitt gjort fordi ein meinar at dei fleste kjem til ei kommunal nettside for å finne informasjon om tenestene våre, til dømes barnehage eller byggjesak. Den nye nettsida gjer det også mogeleg å samarbeide betre om denne informasjonen på tvers av kommunegrensene i regionen og me vonar at den nye heimesida vil gje betre oversikt over desse.

For Masfjorden kommune sin del så har me også erfaring med at mange brukar dei kommunale nettsidene for å lese om hendingar og arrangement som skjer i regi av dei kommunale tenestene. Det er nok noko som dessverre vert mindre plass til i den nye portalen.

Aktivitetskalenderen

Alle som ønskjer det (t.d. lag og organisasjonar) kan legge inn arrangement i aktivitetskalenderen ved å identifisere seg med e-post eller SMS. (Når du trykkjer på «opprett arrangement» får du opp 3 alternativ: E-post, SMS, eller Redaktør/Administrator.)

Klikk på opprett arrangement

  1. Be om å få tilsendt ein kode på sms eller e-post
  2. Logg inn med eingongskoden
  3. Opprett aktivitet

Redaktørar og administratorar gjeld berre for oss som styrer heimesida.

Om favorittside

Viss du har brukt ein snarveg til ei side du har lagra som favoritt frå den gamle heimesida, så vil snarvegen ikke fungere lenger, dette fordi oppbygginga av portalen fører med seg at dei ulike sidene har fått nye adresser.

Saknar du noko?

Ta gjerne kontakt med oss. Alle innspel og spørsmål gjer oss betre.
Send tilbakemeldinga di til heimesida@masfjorden.kommune.no.

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 30.11.2018