Trening for alle
Trening for alle er eit tilbod for deg som ynskjer å komme i meir fysisk aktivitet. Tilbodet gjeld alle uansett alder og kva utgangspunkt ein har. Det er eit lågterskeltilbod innan fysisk aktivitet som helseavdelinga står bak. Masfjorden kommune ynskjer med dette å legge til rette for førebyggjande folkehelsearbeid.
Tilbodet er gratis og det er ingen påmelding. Treninga består av tur og lett styrketrening, varer ca 1 time.
Nordbygda: Kvar Måndag kl 11:00 v/ idrettsbana.
Kvingo: Kvar Tysdag kl 14.15 v/butikken.
Me håpar å sjå deg!
Har du spørsmål kan du kontakte:
Lene Reigstad Danielsen (fysioterapeut) – 474 66 356
Monica Rongved (spesialsjukepleiar) – 408 01 647
Maria Halland (sjukepleiar) – 453 27 191
Helselaget arrangera også faste turar:
Treninga består av tur og lettstyrke/ balansetrening. Det er eit lågterskeltilbod utan påmelding.
Nordbygda: Kvar torsdag kl 11:00 v/ parkeringsplassen på skulen.
Haugsvær: Kvar tysdag kl 10:30 v/ butikken.
Tekst: Maria Halland
Foto: Lene Reigstad Danielsen