HjemNyhendeStrøsand til eldre

Strøsand til eldre

Ordninga med å få ut informasjon og sekkar har ikkje fungert tilfredstillane. Eldrerådet meiner at førebyggane tiltak mot skader på glattisen er så viktig at dei ynskjer pensjonistlaga skal få ordninga betre kjent, og om mogeleg ta del i fordeling av strøsandsekkane.

Prisen pr. sekk vert framleis til innkjøpspris på kr. 75.- for denne vinteren. Teknisk avdeling inviterte dei tre pensjonistlaga til planleggingsmøte 24. september. For Indre Masfjorden pensjonistlag møtte leiar Inger Jåstad, for Nordbygda pensjonistlag leiar Ivar Haukeland. Desse to laga fekk bestillingslister og ville driva informasjon på møta sine.

Framleis skal det også vera utlevering frå kommunehuset. I tillegg skal dei to laga ha eit lite lager. Dette er ei prøveordning for dette året.  Dette er ei oppfordring frå leiaren i eldrerådet til å førebu seg til vinteren. Å verta skada på glattisen kan fort gje ein betydeleg dårlegare livskvalitet, og det ynskjer ingen av oss.

Dersom du har bruk for strøsandsekk må den på plass før glattisen er der. Ta derfor kontakt snarast med Inger Jåstad tlf. 95995024, eller Ivar Haukeland tlf. 48115031. Sentralen på kommunehuset har og bestillingsliste, tlf. 56166200.

Oppfordringa kjem frå Ivar Haukeland.    


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 29.11.2019