HjemNyhendeSpørjeundersøking om natur i Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Spørjeundersøking om natur i Nordhordland UNESCO biosfæreområde

Frå Stølsheimen i Nordhordland

Kven og kva?

Institutt for biovitskap ved Universitet i Bergen har eit forskingsprosjekt der dei studerer samspelet mellom menneske og natur i samband med berekraftig utvikling i Nordhordland biosfæreområde. I denne samanhengen gjennomfører dei ei spørjeundersøking for å forstå korleis naturen gagnar mennesket i Nordhordland. Dei er òg interesserte i å læra meir om forvaltninga av naturgode og menneskelege interaksjonar i området.

Arrangørane håper så mange som mogleg møter opp på arrangementet for å bidra til ei berekraftig framtid for Nordhordland. Ingen påmelding er nødvendig.

Spørjeundersøkinga finn du her: https://app.maptionnaire.com

Den vil vere open til og med veke 17(26. april)

Her kan du lese meir om nordhordland biosfæreområde (http://www.nordhordlandbiosphere.no)

Når og kvar?

Torsdag 12. mars kl. 16-18: Masfjorden folkebibliotek, filial Matre på Matre skule.

 

 

Tekst: Linn Høeg Voldstad, Universitetet i Bergen
Foto: Inger Elisabeth Måren


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 13.02.2020